Åsskardkoret_1024x690

Julesongen blomstrar i Surnadal

Det er artig å vera songelskar for tida. No mot jul opplever vi stadig at folk er glade i å synge! Og nye aktørar berikar kulturen – ikkje minst dei som kom-til ved «korslaget» for eit par år sia. Det er Bernt G. Bøe som på denne måten rosar korsongarane i Surnadal for å lage julehøgtid. Vidare oppfordrar han publikum til å delta.

Laurdag var vi mange som opplevde «Vox» med dyktig pianist og solistar i Stangvik-kyrkja. Laurdag neste veke inviterer eit anna korslag-barn, «Åsskardkoret», til julesongstund i kyrkja si – også med publikum som medaktørar i allsongen. Dagen etter er det stormønstring i Kulturhuset.

Unge songstudentar frå Konservatoriet gledde mange i Øye-kyrkja med «Julverset» og juleperler i fjor. Nokre av desse kjem att til Stangvik på sein kveldstid laurdagen midt i desember – med «Tonar Julenatt». Og kjenner eg Berit Anne Røkkum i soknerådet rett, så blir det ei stemningsfull stund i pynta kyrkje. Også her med allsong.

Einaste saknet i år er at dårleg økonomi sette stoppar for Handels «Messias», som var planlagt i Stangvik 1. desember – som alternativ til det årvisse Bachs Juleoratorium.

Men: Arne Dagsviks har også laga «juleoratorium» - kantaten «I denne søte juletid». Sjøl er eg veldig glad i denne – som byr på Juleevangeliet i folkeleg, melodiøs, munter og gripande tonesetting. Dette syslar Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor med om dagen. Ei vekes tid før jul slår dei til med sin syngespel-versjon av det flotte verket.

I sjølve Surnadal har kantor Oddveig Helset Halle opplegget klart for tradisjonell julekonsert i Ranes kyrkje.

Så, gode sambygdingar: Bli med - saman skal vi synge inn jula så det hørest!

Bernt G. Bøe

Vi gler oss til å høre og synge saman med Åsskardkoret og pianist/dirigent Hanne Bæverfjord – som er klare med nye juletonar i kyrkja si.