Nissefar og hjelparane

Juleteater i Storstuå

Onsdag kveld hadde Kulturskolen på Indre Nordmøre si siste framvisning i år. Mange flinke elevar viste fram kva dei hadde øvd på dette semesteret, blant anna eit sjølvlaga stykke dei kalla "Nissen og Scrooge".

Elevane som stod på scena denne kvelden var frå dei tre yngste dramagruppene. Eit entusiastisk publikum fikk god julestemning gjennom eit artig, trist og skummelt stykke. Elevane hadde laga stykket sjølv under god leiing av Per Arne Løset. Tematikken var jul og nisser kopla opp mot Charles Dickens stykke "A Christmas Carol". Hovudpersonen Scrooge var like ond som vanleg, men det heile gjekk heldigvis bra til slutt. 

Mange artige innslag med gjøgling og akrobatikk krydra forestillinga, og alle frammøtte fekk ei pepparkake som julegåva frå dei unge skodespelarane. 


Tekst og foto: Torbjørn Larsen

Per Arne Løset
Per Arne Løset fortel litt om handlinga og stykket før det startar.
Smånissane har skipla til igjen
Smånissane har skipla til igjen.
Nissefar og hjelparane
Nissefar og hjelparane slit med logistikken.
Scrooge
Scrooge viser ingen nåde til den fattige familien med sitt sjuke barn.
Nissefar kasta skjegget
Nissefar kasta skjegget og gikk omkring i byen og snakka med folk om kva forhold dei har til jula. Presten svara godt for seg.
Scrooge redd
Scrooge vart redd da spøkelsa kom og skremte han.
Scrooge - juleglede
Med Scrooge på betre tankar kom julegleda fram.
Applaus
Her takkar aktørane for ein rungande applaus.