
Juletrefest i Bæverfjord
Det vart gjennomført juletrefest etter tradisjonell oppskrift ved Bæverfjord oppvekstsenter 5. juledag. Eistein Bæverfjord stilte også i år trufast opp ved pianoet slik at det vart gonge rundt juletreet. Det var elles undehaldning av skulebarna, god mat, nissebesøk og ikkje minst: springing og leik saman med venner! Som vanleg var FAU arrangør av det årfaste arrangementet.
Til venstre: Desse to kom med pakkar til ungane på juletrefesten.
Over: Ungane i 2.-4. klasse song for publikum. Begge foto: Norunn Holten