juletregonge_1024x683

Juletrefest i Bæverfjord

5. juledag var det juletrefest etter tradisjonell oppskrift ved Bæverfjord oppvekstsenter. Ungane ved skulen, dei fleste frå 4. og 5. klasse, stilte med eit rikhaldig og godt førebudd program med songar og sketsjar- til stor glede for publikum i salen. I tillegg var det sjølvsagt også gonge rundt juletreet, nissebesøk og mat på programmet. Litt springing og leik saman med gode venner vart det også tid til, noko som er eit "must" på alle slike arrangement..... Sjå bilda frå juletrefesten!

Ingen juletrefest utan gonge rundt juletreet! Alle foto: Norunn Holten

 

 Ein skal ikkje plukke opp alt ein finn!

 

Danseinnslag var det også!

Voggesong med komplikasjonar...

Svenskemoro!

 

Gjengen som gleda publikum med song, dans og sketsjar.

Og til slutt kom nissane...