Juletrefest med Vismor
Midt på dagen søndag var Rindal bedehus fullt av unge, - ja, svært unge, og eldre som feira juletrefest! Barnekoret Salt & Pepper song, og sokneprest Lene Gåsvatn heldt andakt.
Lene Prest tok i andakta si utgangspunkt i teksta om dei tre vismennene som kom og fann Jesus, og jammen dukka ikkje ein vismann, - eller var det ei vismor - opp! Ho følgde stjerna og fann Jesus i krybba.
Salt & Pepper song både julesongar og andre songar frå repertoaret sitt med eit godt utvalg av villige solistar.