Vintergrønt i arboretet_1024x684

Jultorg i Svinviks arboret

Jultorget i Svinviks arboret er ein del av museumsprogrammet ved Surnadal museum. Eit viktig mål for museet er å inspirere til å lage julpynt, julegåver og julstemning og sjøl i samband med jula. Ved å sanke frå naturen til dekorasjonar og gode smakar, eller lage fine ting med hendene.

Over: Det er vinter i arboretet no!

Til høgre: Fin mat for småfuglane.

På jultorget vårt handlar det derfor både om å sanke inspirasjon og få med seg ein stemningsfull julehandel. Vareutvalet er allsidig - og kan samanfattast med følgjande stikkord;
Bunde tvinna, dreidd og pussa...
hekla, sauma, strikka, tredd...
Plukka, sylta, safta, trilla…
tørka, trykt og takkesteikt!

Jultorget i Svinviks arboret er laurdag 3. desember mellom klokka 13 og 16. Kom på inspirerande julehandel på låven og adventskafé med kake og suppe som varmar. Sjå plakaten her: Velkomen+til+Jultorg+i+Svinviks+arboret+3.12.2011.

Surnadal bygdemuseum har bestemt seg for å bli medlem av Trollheimsporten. Dei er ein del av Nordmøre Museum og vil bli presentert seinare. Surnadal bygdemuseum finn du her og Svinviks arboret her. Bli medlem - klikk her. Alle medlemmer her.

Under: Bjørnemosekos er tingen.

 

Godt, søtt og naturleg.

God lefse.

Handlaga og fint.

Det er vintergrønt i arboretet no.