Kåre Herrem blir ny einingsleiar på Øye skule
Kåre Herrem (47) frå Storås har takka ja til stillinga som einingsleiar på Øye skule. Han tek over etter Odd Arild Sande som blir pensjonist i sommar.
Herrem kjem frå stillinga som undervisningsinspektør på Øye skule, og tek til som einingsleiar frå 1.8.18.
Øye skule er Surnadal kommunes største barneskule med omlag 290 elevar.
Det var fem søkjarar på stillinga
Foto: Jan Are Melgård/Sør-Trøndelag