
Næringslivsdagen 2013
Kaffe = Friele
Foredragshaldaren Herman Friele tok over leiinga for Kaffehuset Friele etter faren Herman Friele IV i 1985. No har Friele totalt 11 – 12 % markedsandel på landsbasis. Gjennom kjedesamarbeid produserer Kaffehuset Friele 35 % av all norsk kaffe.
I foredraget tok han også for seg skilnaden på offentleg og privat leiing. Som ordførar (les: Borgarmester) i Bergen har han 4 års erfaring med offentleg leiing også.
Hovudskilnaden er at den offentlege leiinga er politisk orientert, medan den private er mest opptatt av topp/botnlina – lønsemda. Ikkje overraskande peika han også på at vegen frå avgjerd til handling er kortare i det private.
Leiarskap er ansvar, ikkje makt eller machoaktivitet, sa Friele. Du må like å lede. Leiing er like mykje sunt bondevett som resultat av 5 års studium på Handelshøgskolen.