Dans ingress_690x405

Triveleg avslutning på vårsesongen

Kaffelag og dans.

Torsdag 26. juni møttest stavganggruppa på Kårvatn, parkerte bilane og gjekk opp til Nauståfossen. Fossen hadde nok vore temmeleg mykje større i regnveret siste helg, men viste seg majestetisk fram i dag òg. 

DSC_0001_690x460.jpg
Mange gjekk opp til Nauståfossen -

DSC_0006_690x1035.jpg
– og andre kleiv enda høgare opp for å få nærbilde av øvre del av fossen.

DSC_0015_690x460.jpg
Jorunn Ørsal og Magnhild Dyrnes ved restane av den gamle kraftstasjonen. I bakgrunnen ser vi den hydrologiske målestasjonen som er plassert her ved Kårvatn.


Etterpå ber det ned til Myrvang, der Liv og Jon tek imot oss med opne armar som alle tidlegare år, og Liv møter oss med eit stort fat saftige, oppskorne melonar.


Med trekkspel- og felemusikk frå trappa finn vi oss sitteplass på gardsplassen og får servert graut og bakels, høyrer Narve Talgø lesa minnevers om Halvor Ørsal og fortelje om Anton Myrvang. Innimellom høyrer vi også Fredrik Sjøflot spela på blokkfløyte.

DSC_0027_690x460.jpg
Nede på Myrvang blir det servert graut og bakels.

DSC_0034_690x1035.jpg
Narve Talgø les eit minnevers om Halvor Ørsal, skrive av Laif Halse. Han fortel også om Anton Myrvang, som var ein dyktig handverkar og laga ma. river og ljåorvar.

DSC_0041_690x1044.jpg
Også i år var vi så heldige å få Guri på trekkspel og Lars på fele til å spela opp til dans. Her forsterka av Fredrik Sjøflot på blokkfløyte.
 

Før vi dreg heim, blir det tid til ein dans på vollen; og kvar høver det betre med nordmørspols og Tovassvalsen enn nettopp her på Myrvang, heimplassen til Halvor Ørsal.

DSC_0047_690x460.jpg
Vals i ring. Foto: Per Bruset

DSC_0048_690x460.jpg
Oddbjørg Einmo og Magnhild Dyrnes, Brit Nordvik og Odd Enge svingar seg i Tovassvalsen.

DSC_0050_690x459.jpg
Narve Talgø, Ottar Halle, Fredrik Sjøflot og Magnhild Dyrnes kosar seg i sola.

DSC_0055_690x460.jpg
Martinus og Grete Torvik, Per og Bjørg Bruset saman med Sigrun Ørsal nyter sol og dansemusikk.

DSC_0058_690x460.jpg
Brit og Odd likar òg musikken.

DSC_0059_690x460.jpg
Godt å slappa av etter turen til fossen.
 

Som takk overrekkjer leiar for stavganggruppa, Martinus Torvik, blomster til musikarane, Guri og Lars, og vertskapet, Liv Larsen og Jon Myrvang.

DSC_0065_690x460.jpg
Martinus takkar for fin musikk ved å gje hortensia til musikantane.

DSC_0066_690x460.jpg
Martinus takkar også vertinna, Liv Larsen, med blomster.

DSC_0070_690x460.jpg
Vertskapet, her ”rådsen” Jon Myrvang, saman med Liv Larsen. I midten Jorunn og Inge Ørsal.

DSC_0074_690x459.jpg
Randi avsluttar dagen ved å kjøpa sportsutstyr på den velutstyrte butikken Kårvatn Fjellutstyr.


Dette var siste turen i vårsesongen, der i gjennomsnitt 29 deltakarar har møtt opp!


Vi startar opp att den 7. august med tur til Sjøasetervatnet.
 

God sommar og vel møtt til hausten!

 

Tekst og dei fleste foto: Vidar Sogge