IMGP4764

Kake for nytt tak

Dei som har passert Rindal kirke i sommar, har sett den meir eller mindre innhylla av stillaser. Fredag ettermiddag vart det markert at sjølve taket var ferdig, for i løpet av arbeidsperioden har 7000 takstein vore tatt ned og enten skifta ut eller lagt på plass igjen. No kan vinteren komme!

I desember 2010 var første bevillinga til takreparasjonen på plass i Rindal kommunestyre. Anbudspapira som var eit svært godt dokument å gå vidare på, vart utarbeidd av Arne J. Moen. Blandt dei firma som sendte inn anbud, gjekk ein i kontraktsforhandlingar med Norsk SkiferTre. Dei tok fatt på arbeidet i juni, og no er taket og beslag ferdig.

Under prosessen i vinter kom ein til at kostnadane vart større enn budsjettert. Kommunestyret har vore orientert heile tida og viste interesse for prosjektet, og at det skulle bli utført skikkeleg. Under arbeidet oppdaga ein berre småting ekstra som måtte gjerast, men ingen «bombe».

Som byggeledar hadde Bård Magne Sande bedd saman ei utvald forsamling til kaffe og marsipankake denne fredagen. Han tok fram tre stikkord for dette prosjektet: 

  • det hadde vore mykje dårleg ver
  • det hadde vore eit krevande prosjekt
  • det hadde vore godt samarbeid!

Sande trur det har vorte eit bra resultat av dette arbeidet.

No er taket retta opp, det er nye lekter og nye beslag i kopar. Det er mange meter med beslag, takrenner og taknedløp på den store Rindalskirka! Kopar kostar, men ein sparar mosefjerning tredjekvart år! Fagfolka forklarte det med at vatnet reagerer med koparen og at mose ikkje gror i dette vatnet. Det som no står att er utvendig maling av treflis på kirkespiret og utvendig kledning for bygningskonstruksjonen under kirkespiret. Det er utsett til våren 2012.  

Utafrå ser vi at skifertaket er på plass med snøfangarar, og vi ser dei fine takrennene, nedløpa og beslaga i kopar.

 


Firmaet Norsk SkiferTre frå Bøfjorden starta med kjøkkenfrontar med innråma skiferplater i 2007. På byggmesser gjorde dei stor suksess med det, men det viste seg å vere vanskeleg å følgje opp med salg. Frå 2008 har dei satsa meir på entreprenørverksemnd, men dei leverer framleis kjøkkeninnreiing på bestilling.


Norsk SkiferTre hadde hovedentreprisen, EBT tok seg av beslag, takrenner og nedløp, og Tørset Malerservice hadde malerarbeidet.

Kirkeverge Ingeborg Nordlund minte Jonny Bøe frå Norsk SkiferTre om kommentaren hans ein dag ho besøkte arbeidsplassen ved kirka: «Må ha en engels tolmodighet for å holde på med dette her!» Det gav ho idéen til dagens takkegave - ein engel! Bøe har handfart kvar av dei 7000 taksteinane minst ein gong!


Jonny Bøe, Norsk SkiferTre og Bård Magne Sande, Rindal kommune fekk kvar sin engel av kirkeverge Ingeborg Nordlund.


Klikk på bilda nedafor og sjå dei større og som bildeserie!

  

IMGP4765
Bård Magne Sande, byggeleder FDV, Lene Gåsvatn, sokneprest, Kjellaug Foseide, leder soknerådet, Einar Lillegård, kirketjenar
IMGP4766
Ingeborg Nordlund, kirkeverge, Anders Bøe, Terje Tøndel og Jonny Bøe, Norsk SkiferTre, Bjarne Nordlund, rådmann, Ann Elin Hess Brønstad, ledar livsløpskomitéen
IMGP4768
Jonny Bøe hadde vore klart lengst tid oppe på taket og fekk æra å ta første kakestykket
IMGP4769
Einar Lillegård, kirketjenar, Håkon Dollis, avdelingsingeniør, Åge Jonli, vaktmester FDV