Lars2_250x166

Kakefest for jubilant-Lars

Lars Løseth fylte 60 år i helga. Tirsdag vart han feira med kake og gåver av dei Amfi-tilsette i Surnadal.

 

Amfi-sjefen, som runda 60 år søndag, vart hylla med song, historier, "minnebok" og blomster under kakelaget.

Dagleg leiar i Amfi Kreativ, Roald Boge (t.v. på bildet øverst), var blant dei som overrekte gåver både frå Surnadal og andre Amfi-senter.

Suksesshistoria om Lars Løseth starta for 42 år sidan, da han som tenåring opna eigen kolonial på Setergarden. Seinare har surnadalingen gått frå å vere lokal aktør på Indre Nordmøre til å eige og drive kjøpesenter over heile landet.

Amfi er i dag engasjert i over 50 kjøpesenter i Norge, og seinast i februar inngikk Amfi Drift og Sektor Eiendomsutvikling ein storavtale om drift og forvaltning av totalt tolv senter eigd av Storebrand. Desse tolv sentra hadde ei total omsetning på ti milliardar kroner i 2009.

Men den største senterfamilien i Norge har valt å ha hovedkontoret sitt i Surnadal, der gründer Lars Løseth i dag altså feira (på bildet nederst) saman med blant andre Øystein Wiig, Gunvor Torjul, Birgit Løseth, Olve Røen, Marit Elin Eid, Erling Fiske og Ove Skrøvseth.