Kamelon

Kamelonar på Øvre Rindal skole

Denne veka har Kultursekken i Møre og Romsdal besøkt Nordmøre med ein workshop for 5. - 6.klasse.  Workshopen heiter KAMELEON, og blir halden av kunstar Svein Ove Kirkhorn.
 
Elevane blir delt i tre grupper og får kostyme som kunstnaren har med seg. Desse har tre forskjellige tema: stripe,- sebra og akrobatgruppe. Tre store bakteppe blir montert i skulegarden. Elevane målar seg i ansiktet, slik at dei går i eitt med teppe og kostyme. Resultatet blir tre tablå som elevane skal vise til heile skulen i eit friminutt.

I dag var Workshopen på Øvre Rindal skole. Her fekk og også 7. klasse delta.

Da Trollheimsporten var på besøk var det full aktivitet. Dette var moro både for store og små. Ei kjærkommen avveksling i skulekvardagen.

Les meir om Kamelon HER.

Klikk på bilda så blir dei større, og du kan sjå dei i serie.

Tekst og foto: Sigrid Skjølsvold

 

DSC07377
DSC07381
DSC07385
DSC07390
DSC07395
DSC07422
DSC07427
DSC07446
Kamelon