Sæterlia[1]

NVE krev konsesjonsbehandling, fryktar for store inngrep i naturen

Kan bli nei til snøkanon i Sæterlia

Snøkanonen som er planlagt i Surnadal Alpinsenter neste sesong, kan bli utsett eller i verste fall ikkje realisert. Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) krev no konsesjonsbehandling i forhold til uttak frå Sjøasætervatnet. Denne prosessen kan bli både omfattande og langvarig, i tillegg til at den kan ende med nei til vasstilførsel frå Sjøasætervatnet. - Målet er at det skal bli snøkanon i Sæterlia. Men må vi over på andre vuderte alternativ i forhold til vasstilføringa, kan det bli eit svært dyrt prosjekt å realisere, seier næringssjef Harald Bredesen i Surnadal kommune.

I fjor sommar sa kommunestyret i Surnadal  ja til å auke driftstilskotet til alpinsenteret i Sæterlia. Tilskotet ga Surnadal Alpineiendom AS mulegheit til å ta opp 12,9 millionar kroner i lån til prosjektet, og eit tydeleg mål var at snøkanonane skal vere på plass til sesongen 2011/2012.

Men no kan desse planane bli utsett - og i verste fall blir det ingen snøkanon som kan sikre forutsigbare snøforhold i Sæterlia.

NVE meiner nemleg at inngrepet for å føre vatn frå Sjøasætervatnet til alpinanlegget, kan bli for stort. Direktoratet krev difor konsesjonsbehandling, og Surnadal kommune må no utarbeide skriftleg søknad som direktoratet skal ta stilling til.

- Dess betre søknad, dess kortare tid vil det ta å få ei avgjerd. Kommunen må nok ha inn konsulenthjelp i dette arbeidet, men sjølv om vi har tru på at dette skal gå i orden, er det straffbart å gjere noko form for naturinngrep før ein konsesjon er på plass. Og med tanke på at gravearbeidet må gjerast om sommaren, kan dette føre til at det ikkje kjem på plass snøkanon neste skisesong, seier Harald Bredesen til Trollheimsporten.

Totalkostnaden på det planlagte prosjektet er på rundt 13 millionar kroner, og avtalane med Sjøasætervatn-grunneigarane er på plass. Kommunen har heile tida vore klar over det usikkerheitsmomentet som eit eventuelt konsesjonskrav frå NVE utgjorde.

- Men antydingar frå tidlegare konsulentar gjekk på at dette ville vere eit lite inngrep, som vi dermed kunne unngå konsesjonskrav på. Eit uttak frå Sjøasætervatnet er da også noko annna enn heilårs vassdragsuttak, sidan det i utgangspunktet berre vil vere aktuelt korte tider av vinterhalvåret. Men på den andre sida kan dette vere tida på året med lite vatn, slik at til dømes bekkjen ned frå området kan bli tørrlagt, med dei konsekvensane det kan få for flora og fauna, påpeiker næringssjefen.

Surnadal kommune skal snart ha møte med NVE, med tanke på å få avklart mellom annna den vidare tidsbruken.

Dersom ei konsesjonsbehandling konkluderar med nei til Sjøasætervatnet, må kommunen sjå vidare på dei to andre alternativa for vassuttak - Grytå og Surna. Begge vil bli dyrare løysingar enn Sjøasætervatnet, mellom anna fordi vatnet ved desse alternativa må førast oppover, ikkje ned. Eit eventuelt vassuttak frå Surna må dessutan skje relativt langt oppe i dalen, fordi flo- og fjøreforholda gjer at elvevatnet ved Vasseng har stort innhald av salt.