Surnadal kommunevåpen

Annonse:

Kan du tenkje deg å bli meddommar?

Surnadal kommune skal våren 2020 velje meddommarar til lagmannsretten, tingretten og jordskifteretten for perioden 2021-2024. Kommunen skal i tillegg foreslå skjønsmedlemmar for val i fylkestinget.

Vi ønsker innspel frå personar som har lyst til å bidra som meddommar, lagrettemedlem eller skjønsmedlem. Meddommarar eller lagrettemedlemmar er vanlege innbyggarar som er med på å ta avgjersler i rettssaker. Meddommarar for perioden 2021-2024 skal veljast våren 2020. Meld di interesse innan 31. mars. 

Som meddommar kan du rekne med å bli innkalt éin til tre gonger i året. Dei fleste rettssaker varer fra éin til tre dagar, men enkelte saker kan vare lenger.

Vervet som meddommar er ei samfunnsplikt, og vanlegvis får ein fri frå jobb for å utføre vervet. Du får ikkje lønn for å vere meddommar, men du kan søke om tapt arbeidsforteneste og få erstatning for dette.

Vervet som meddommar i Frostating lagmannsrett, Nordmøre Jordskifterett eller Nordmøre tingrett inneberer at du er ein av fleire som skal dømme saman med juridiske fagdommarar. Vervet som lagrettemedlem inneber at du saman med andre vil avgjere skyldspørsmål i straffesaker/jurysaker. 

Frist for å melde si interesse er: 31. mars 2020

Lenke til heimeida vår: https://www.surnadal.kommune.no/aktuelt/kan-du-tenkje-deg-a-bli-meddommar.11053.aspx