IMGP3475

Rindal Løpskarusell

Karuselløp – aleine og saman

Fredag kveld vart fjerde runde av Rindal Løpskarusell 2020 arrangert på Skogsletta. Aleineløp vart avvikla fram til kl. 21.00. Fellesstart-løpet var kl. 18.00.

Løpet gjekk etter lysløypa, to rundar som blir 4,2 km.

Løpskarusellen er eit uhøgtideleg lågterskeltilbod for alle aldrar og nivå, der konkurransen først og fremst er mot deg sjølv og dine eigne prestasjonar.

Før kvelden var omme, var det fleire som møtte opp og tok sitt aleineløp, men trass i fin temperatur vart ikkje oppmøtet så stort.

IMGP3471_690x979.jpg
Primus motor i Rindal IL Friidrett, Tor Jarle Bolme, hadde full kontroll over arrangementet. Her orienterer han løparane før fellesstarten.

IMGP3477.JPG
Bård Nonstad tok raskt teten i løpet, med tett følge av unge Magnus Øyen.

IMGP3499.JPG
Klart for andre runde og god kontakt.

IMGP3508.JPG
Nonstad pressa seg nokre meter framom Magnus Øyen i mål.

IMGP3485.JPG
John Ole Aspli og Nils Ingmund Halgunset i godt driv, eit samløp Halgunset stakk av frå inn mot mål.

IMGP3488.JPG
Anna Børset deltok ilag med bror Sebastian og far Stein Ivar, nedafor. Jan Romundstad følger tett på, før han passerer dei inn mot mål.

Stein Ivar, Sebastian og Jan.jpg
(Foto: Rindal IL Friidrett)

IMGP3467.JPG
Jan Romundstad på veg opp ein av bakkane i lysløypa, overvåka av Skåkleiva.

IMGP3492.JPG
To glade jenter, Magnhild Fugelsøy sett tempo for mamma Berit Synnøv, og i mål er Magnhild kveldens gladaste løpar!

IMGP3506.JPG

IMGP3468.JPG
Lysløypa ved Skogsletta var nyslått og rydda. Dermed er den klar for vinter og nysnø; vi spår om eit par månader!

Resultatliste:

Aspli, John Ole  23,05
Bekken, Uma Børset  Fullført 
Bolme, Tor Jarle  Fullført 
Børset, Anna  27,05
Børset, Sebastian  18,45
Børset, Stein Ivar  18,45
Foseide, Ole Trygve  Fullført 
Fugelsøy, Berit Synøv  Fullført 
Fugelsøy, Magnhild  Fullført 
10  Halgunset, Nils Ingar  20,37
11  Løfald, Ann Elin Øyen  Fullført 
12  Nonstad, Bård  15,47
13  Romundstad, Jan  18,34
14  Skjermo, Ola Andreas  Fullført 
15  Solvik, Ada Hyldbakk  Fullført 
16  Solvik, Håkon  Fullført 
17  Sæterbø, Ole  17,41
18  Øyen, Magnus  15,50
19  Aasen, Ronny  Fullført 

Sjå meir på Facebooksida til Rindal IL Friidrett.