katt teken av gaupe på Kvanne foto Hege Kvendset

Katt truleg teken av gaupe på Kvanne

Natt til fredag døde katten til Hege Kvendset, to år gamle Kovu, etter ein valdsam kamp mot det som etter alt å dømme var ei gaupe. No ber Kvendset andre katte- og hundeeigarar i området om å passe på.

Fredag fekk Hege Kvendset melding frå ein hyttenabo, om at det låg ei død katte i vegen ned mot hyttefeltet ved Grønneset, og at det truleg var hennar katt det var snakk om. Eit stort nakkebitt tyda klart på at Kovu tydeleg hadde vore i slåsskamp med eit anna dyr.

– Vi køyrte dit, og såg at det var katten vår. Kovu hadde blødd i hjel, grunna eit stort nakke-/strupebitt, seier Kvendset, og fortsett:

– Storleiken på bittet, og at dyret ikkje hadde teke med seg katten etter slåsskampen, gjer at vi trur det må vere gaupe. Reven tek ofte med seg byttet sitt, og det var ikkje grevlinghår på staden - berre gaupehår.

Ho fortel om spor etter ein valdsam kamp, med blod, hår, avføring og store spor i vegen, og ber no andre dyreeigarar i området om å passe godt på dyra sine i tida framover.

– Eg ønskjer å be folk passe på kattane sine, og kanskje til og med hundane sine. Ein veit aldri. Vi har ein liten hund sjølv, og kjem til å vere veldig påpasselege framover.

Hege Kvendset fortel at ho og familien både har sett og høyrt gaupe i området, og at dei difor har frykta at noko slikt kunne skje.

– Vi har sett spor etter gaupe ganske nært husveggane, og har høyrt om lam som har vorte tekne av gaupe i Stangvika, seier ho, og legg til:

– Men det er så rart med det; kattane må jo nesten få vere ute. Det er vanskeleg å halde styr på dei til ei kvar tid, særleg no om sommaren, når dei har så lyst til å vere utandørs.

Ho fortel at det har vore ein frykteleg trist dag fredag.

– Dette var ikkje noko artig, det er heilt tragisk. Kovu var ein veldig roleg katt, ein sterilisert toårig hannkatt, som stort sett var heime, seier Hege, og fortsett:

– Så kjem gaupa plutseleg luskande. Det er så viktig at folk er klare over at dette kan skje, og passar på!