Kattem gjekk til topps
Mange lag var i aksjon på Todalsdagen laurdag, som igjen blei eit vellykka arrangement i solsteika på Borholmen stadion. Kattem gjekk heilt til topps, og vann heile 6-0 over Clausenenga.
Tekst: Jens Olav Moe
Lag frå Nordmøre og Trøndelag var i aksjon. Dei under 10 år spelte 3`er og 5`er fotball, medan dei største spelte 7`er i verdsmeisterskapet i lillegutt. Etter at gruppespelet var unnagjort blei det klart at Surnadal G11 og Oppdal G12 skulle møtas i bronsefinalen, der trakk Oppdal det lengste strået og vann. I finalen møttest Clausenenga og Kattem, der gjentok Trønderane suksessen frå i fjor og vann 6-0.
Det var kø ved grillen heile dagen og maten smakte fortreffeleg i år også. Magne Hansen hadde full kontroll og heile arrangementet gjekk knirkefritt. Nedanfor finn du bilete frå Todalsdagen 2018, kanskje du kjenner igjen nokon?
Foto: Mari Vattøy
Bildene er beskyttet av opphavsrett. Kopiering og viderebruk er ikke tillatt uten avtale med fotograf