IMGP0539

Kavlvegen blir utforska

Tirsdag var eit arkeologisk team leda av Raymond Sauvage frå NTNU Vitenskapsmuseet på arbeid ved den gamle kavlvegen ved Lomtjønna ikkje langt frå museet på Åsen.

Bildet over: Frå venstre ser vi Torgeir Leivdal frå Husasnotra, Anne Lise Wullum, Surnadal kommune, arkeolog Jarle Stavik, Nordmøre Museum, Maja Frønes, Surnadal Museum og fotograf Jonathan Kalvik Gorton (lærling hos Husasnotra). I tillegg var Raymond Sauvage, NTNU Vitenskapsmuseet og fylkeskonservator Bjørn Ringstad, Møre og Romsdal Fylkeskommune til stades.

IMGP0506-001.JPG

3-4 kvadratmeter av den gamle kavlvegen vart avdekt og studert. Det var fleire lag med trestokkar i myra. Som ein del av den arkeologiske undersøkinga, vart det teke prøvar av stokkane i dei ulike laga, og desse skal den dendrokronologisk daterast for å finne mest muleg korrekt alder. Da vil ein finne ut om dei ulike laga er like gamle.

IMGP0508.JPG

Forma og spor etter reiskap vart undersøkt, og teoriar om kvifor konstruksjonen var akkurat slik vart drøfta.

Fagrapport og dateringsanalyse vil gje oss svar på noko av dette, resten overlet vi til teoriar og fantasien.

Kvifor vart denne vegen bygd, er eit av spørsmåla ein ikkje har svar på.

Ein kavlveg er ein del av ein gammal veg frå vikingtida der vegen gjekk over myr eller fuktige parti. Det vart lagt ned trekavlar, stokkar kløyvd på langs, som ei slags bru. Den eldste kavlvegen i Noreg er på Tiltereidet i Nesset. Den er datert i bruk fra år 500-1000.

Heile prosjektet skjer i samarbeid med Nordmøre Museum, Husasnotra, Friluftsrådet, Møre og Romsdal fylke, frivillige lag og organisasjonar og enkeltpersonar. Mange vil nok få høve til å delta i dugnader framover, sjølv om både stat, fylke og kommune tildeler prosjektet god støtte.

Dette er eit automatisk freda kulturminne, så etter «avdukinga» av kavlvegen i dag, vil den bli lukka igjen, og myra vil ta vare på restane i enda mange år. 

IMGP0509.JPG

IMGP0511.JPG

IMGP0520.JPG
Stavik skrapa forsiktig jorda av dei gamle stokkane.

IMGP0522.JPG
Torleif Leivdal, Husasnotra og Raymond Sauvage, NTNU Vitenskapsmuseet.

IMGP0526.JPG
Anne Lise Wullum og Maja Frønes følger interessert med i utgravinga.

IMGP0527.JPG
Midt på bildet, diagonalt, ser vi ein av stokkane som viser kavlvegen vidare bortover myra.

IMGP0528.JPG
Kavlveg-teamet frå Surnadal følgjer arbeidet i lag med fylkeskonservator Bjørn Ringstad.

IMGP0531.JPGIMGP0529.JPG
Alt som var synleg måtte dokumenterast og målast opp, både på bakken og i skya (Gps-målast), og nedtegnast og fotograferast.

IMGP0532.JPG

IMGP0534.JPG

IMGP0535.JPG

IMGP0536.JPG

IMGP0538.JPG
Eit stykke unna kunne vi sjå stokkane som skal brukast til ein modell av kavlvegen. Dei ligg og godgjer seg i myra!

IMGP0548.JPG

Både avansert gps- og anna datautstyr vart brukt til dokumenteringa, men også motorsag! Med den vart det kappa av bitar frå fleire stokkar for frakting til Trondheim og grundig dendrokronoligisk datering.

IMGP0547.JPG

Det er planar om at det langs denne kavlvegen skal lagast ein kulturstig kopla med stig til bustadfeltet i Modalane slik at bruken kan utvidast. Ein kopi av kavlvegen vil bli bygd i sommar. Kanskje blir det ein leirplass ved Lomtjønna.