Kine på Eldresenteret

Kine Hellebust sitt første oppdrag i Rindal var å delta å Åpen dag på Eldresenteret i går. Pensjonistar og andre oppmøtte fikk ei artig og interessant oppleving.

Det vart ein heil time spekka med historier, dikt, song, erfaringar frå eige liv og barndom, og om utfordringa ho stod overfor da ho etter eit stygt fall i slalombakken fekk ein nakkeslengskade som gjorde at høgerhanda vart lamma frå albuen og ned. Skodespelarkarrieren var dermed over, ho måtte slutte med det ho elska mest her på jord, som ho sa. Men dama gav ikkje opp. Ho gjekk laus på å skrive bok med ein  finger, og det tok det henne eit år å få den første  boka ferdig. Etter behandling og mykje trening har helsa etter kvart blitt betre og ho har blitt kulturarbeidar nærest på heiltid. No reiser ho land og strand rundt og er i desse dagar i Rindal, invitert av Rindal Frivilligsentral i prosjektet "Fokus på frivillighet"
 
 
På Eldresenteret
Engasjert!
Gudrun Moen overrekte "rosåthøssu" som takk for besøket, og
det var tydelegvis populært