
Kinofeber i Surnadal
Tre unge kinogjengarar klare til "Istid 4" i Kammerset på Kulturhuset! Foto: Norunn Holten
Pål Norman ved Surnadal kino fortel at Istid-filmane også har vore populære i Surnadal tidlegare. I 2009 var det til saman 867 besøkjande på 15 oppsette forestillingar av "Istid 3»». Det bli no spanande å sjå om besøket på "Istid 4" vil overstige dette talet i løpet av dei fem forestillingane som gjenstår. Uansett har oppmøtet vore veldig bra. Ei av årsaken til dette er at Istid-filmane er filmar som ifølgje dei tilsette ved kinoen slår an i alle aldersgrupper, både barn, vaksne og ungdom.
Sjølv om tilstrøyminga til kinoen er uvanleg stor til sommartid å vera, er det likevel eit langt stykke igjen til dei aller største kinosuksessane i bygda. Pål Norman fortel at «Max Manus» selde 1663 billettar, og at «Mamma Mia» selde 1994. Til denne filmen vart det faktisk selt fleire billettar i Surnadal enn i Sunndal! Besøkstala for desse to filmane er derimot så ekstreme at Norman tviler på at ein nokon gong vil få oppleve det igjen.
Det er likevel fleire spanande filmane som ventar på Surnadal kino utover hausten og vinteren, og som ein også kan forvente blir populære. Dette gjeld mellom anna «Hobbiten» som kjem 12. desember og «Twilight- Breaking dawn- part 2» som ikkje har fått fastsett dato enda. Dei kinotilsette har også store forventningar til filmen «Kontiki» som blir å sjå frå 24. august.
Det har vore uvanleg stor pågang ved inngangsdøra til Surnadal kino i sommar.
Surnadalspublikummet har gått mann av huse for å sjå "Istid 4" , men har du ikkje fått sett den, er det enno ikkje for seint. Klikk her for å sjå traileren. På heimesida til Kulturhuset kan du .bestille billettar