Kjell Gunnar Polden og Anders Braaten

Tette band mellom Taekwon-Do klubben og Nordmøre Folkehøgskule

Kjell Gunnar og dei gode hjelparane

Med eit knippe gode hjelparar på laget har Kjell Gunnar Polden tatt over ansvaret for Taekwon-Do-treninga ved Nordmøre Folkehøgskole igjen. – Ringen er vel på ein måte litt slutta for min del, seier han.

– Eg starta med Surnadal Taekwon-Do klubb for 30 år sidan, og på Nordmøre Folkehøgskule for ca 25 år sidan. Når eg no tar over Taekwon-Do treninga på linja for Taekwon-Do og Tren på skulen, ser eg litt parallellar til Askeladden og de gode hjelparane både der og i klubben.


Eit solid team

Elevane på Nordmøre Folkehøgskule har eit solid team rundt seg av lærarar som har allsidig treningserfaring.

Med snart 40 års fartstid har Kjell Gunnar Polden skaffa seg eit solid nettverk innan kampsport og Taekwon-Do, og det er mange som har tilknytning til skulen og Surnadal som ønsker å bidra til at både klassen og klubben skal få så gode moglegheiter som det går an for å utvikle seg.

Kjell Gunnar Polden.jpg
Kjell Gunnar Polden (Foto: Privat)

– Eg har undervist i over 30 år utan pause, og tek på hanskane for å trene rimeleg aktivt sjøl att også. Litt 60-årskrise kanskje? undrar Polden.


Samhald, glede og godt miljø

Surnadal Taekwon-Do klubb har fått fram mange gode utøvarar, men samhald og glede er dei mest sentrale verdiane, meiner han.

– Vi skal gi elevane personleg utvikling, god trening og sosial kompetanse, så kjem resultata også dersom ein sjøl vil nok. Det viktigaste resultatet er uansett å vinne over seg sjøl, og det å skape eit miljø som er inkluderande. Det står godt i høgsetet både i klubben og i klassen på skulen, understrekar Polden.


Vikarierar for Christian Olsen

– Det er tette band mellom skulen og klubben i bygda, noko det alltid har vore. Når det gjeld Nordmøre Folkehøgskule er det for min del eit vikariat dette året for Christian Olsen som har hatt linja dei siste åra. Han har permisjon i år.

Kjell Gunnar Polden er hovedinstruktør i klubben, og vil ha mykje Taekwon-Do på skulen. Han fortel at han alltid har hatt sansen for å jobbe i team. 

Nokre av hjelparane som skal vera med å bidra på Taekwon-do-biten kjem fast, medan andre blir meir sporadisk. Alt dette nyt både klubben og skulen godt av.


Med seg på laget til hausten har han foreløpig:

Master Per Andresen.jpg
Master Per Andresen (Foto: Jostein Værnes)

–  Master Per Andresen, sjølve nestoren i ITF Taekwon-Do i Norge. Han har vore her ei rekkje gonger, og er ein av dei som kjenner klubben og linja på skulen godt. Etter fleire veker med sommarleir i 29 år, har han og lang fartstid i bygda.  
 

Arne Witzø.jpg
Arne Witzøe (Foto: Jostein Værnes)

–  Arne Witzø. Landslagssjefen gjekk på NoFo da de starta med Taekwon-Do der. Han var med å bygde det opp. Han kom att som praktikant tre år seinare og har vore her på mange leirar. Dei siste åra har han lagt landslagssamling fast hit og er innbarka surnadalspatriot.
 

Jenstad.jpg
Andreas Jenstad (Foto: Privat)

–  Andreas Jenstad, landslagstrener i mønster, er stor fan av at vi har linje med tilbud på skulen. Han er gift med surnadalsdråk som har trena i ei årrekkje og er aktiv som aldri før. Både han og Harald Polden var her allerede i vår.
 

Linn Benjaminsen Foto Raimon Bjørndalen.jpg
Linn Benjaminsen (Foto: Raimon Bjørndalen)

Robert Skagseth.jpg
Robert Skagseth (Foto: Privat)

 Linn Benjaminsen er regjerende VM vinnar i mønster 2 Dan. Ho kjem saman med landslagstrener i spesialteknikk Robert Skagseth og skal ha søndagstrening allereie 1. september.
 

Stephen Ryan.jpg
Stephen Ryan (Foto: Privat)

Stephen Ryan, merittert landslagstrener for Irland, kjem over i september for å bidra. Han er ein fantastisk instruktør med lang fartstid.
 

Roy Løvtangen.jpg
Røy Løvtangen (Foto: Jostein Værnes)

Roy Løvtangen, regionstrenar i Trøndelag. Han er Surnadal-supporter med fartstid både som elev og praktikant ved Nordmøre Folkehøgskule, samt ei rekkje leirar.


Christian Olsen.jpg
Christian Olsen (t.v.) (Foto: Privat)

Christian Olsen, som har hatt linja på skulen dei siste åra. Han har permisjon komande skuleår, men blir å finne her også i året som kjem med jamne mellomrom. Alle i miljøet kjenner Olsen, ikkje  minst på grunn av den lange fartstida på det norske landslaget.
 

Harald Polden.jpg
Harald Polden (Foto: Sharon Burgos Aresvik)

Harald Polden er surnadalsgut og har vokse opp i miljøet i bygda og på skulen. Han fekk Taekwon-Do inn med morsmjølka og kjenner både skulen og klubben ut og inn. Han har lang fartstid som topp konkurranseutøvar i Taekwon-Do og har god erfaring frå annan kampsport. Han vil undervise Taekwon-Do sparring og stående fighting, og blir nok eit fast innslag utover hausten. Han hadde første trening i haust allerede sist søndag.
 

Anders Braaten.jpg
Anders Braaten (Foto: Privat)

Anders Braaten er tilsett ved Nordmøre Folkehøgskule i år. Han har unik kompetanse innan ulike kampsportar, og Kung Fu især. Ha vil vera ein solid bidragsyter på alle plan her.


Tilbodet har aldri vore betre

Kjell Gunnar Polden er klar på at dei no skal gje eit tilbud som aldri har vore betre, både i klubben og på skulen.

– At vi har slått sammen Taekwon-Do og Tren på Nordmøre Folkehøgskue ser eg berre på som ein fordel, for da får vi dra veksler på all den fagkompetansen innan idrett som finnes på skulen.

– I tillegg til det som er nemnt, har vi ei flott gruppe med lokalproduserte instruktørar og administratorar som står på kvar veke. Det er dei som er bærebjelken og kontinuitetsbærarane i klubben både i avdelinga i Surnadal og på Ålvundeid. Utan dei hadde det heile falt saman.


Femner om alle

Taekwon-Do skal femne om alle, og er ein typisk breddeaktivitet. For den som berre ønsker å mosjonere eller være med for det sosiale er det heilt greit. Dersom ein ønsker å stå på for å sjå kor langt du kan nå i idretten, er det også heilt greit. 

Klubben har teke opp vaksne nybegynnarer no i haust, men barn berre på avdelinga i Ålvundeid. I Surnadal blir det truleg oppstart for barn etter jul.

–  Eg gler meg i alle fall til eit spennande prosjekt, både i klubben og på Nordmøre Folkehøgskule, avsluttar ein entusiastisk Kjell Gunnar Polden.