
Kjempedugnad for Kirkens Nødhjelp
Etter inspirasjonssamlingar i møte med ungdom frå KN før helga var det oppglødde bøsseberarar som drog rundt bygdene tysdag kveld. I løpet av eit par kveldstimar fekk dei aller fleste heimar besøk. Konfirmantforeldre sørga for bilskyss. Sokneråda la opp rutene og sørga for mat og drikke etter innsatsen.
Bortsett frå ein liten nedgang i Stangvik nådde alle sokn høgare enn i fjor. Her er enkelt-resultata (med tala for 2012 i parentes):
Øye og Ranes kr. 48.758,50 (43.103,50), Mo 10.583 (9.662), Åsskard 12.267 (12.208,50), Todalen 9.767 (9.290,50), Stangvik 8.910,50 (10.918). Til saman i Surnadal: 90.286 (85.182,50). Rindal samla inn 35.174 kroner (33.702,50).
Sjå også dette oppslaget frå innsamlinga i Rindal!
Konfirmant Ellen Sæterøy på besøk hos lille Vegard Aasbø i Bøfjorden. Vegard og søstera Hanna har samla pengar på KN-bøssa i heile vinter.
- Der kjem de ja! sa Inger Settemsdal da Åsskard-konfirmant Maja Bele Dyrendalsli banka på. Mange ventar på bøsseberarane denne kvelden.
Olav With Aasgård gjekk gardtales i heimane rundt Åsskard-kyrkja.
Fortent kos med pølse og sjokoladekake etter endt innsats. Frå venstre sjåfør Helga Bele, soknerådsleiar Turid Sættem Eggen og konfirmantane Maja, Guro og Ellen.
Gutar komne i mål: Olav, Ole Kristian, Martinus, Johannes og John. I bakgrunnen sjåfør Lilli Husby.
Guro Øie Bævre og Johannes Helgå Johnsen etter bøsserunden i Bøfjorden.
Konfirmantar og sjåførar i Åsskard etter dugnaden. Fremst frå venstre: Guro Øien Bævre, Elles Kvisvik Sæterøy, Maja Bele Dyrendalsli, Inga Husby Foss. Andre rekkje: Olav With Aasgård, John Heggem jr., Ole Kristian Solem, Martinus Bævre Sollid, Johannes Helgå Johnsen. Sjøførane bak: Helga Bele, Lilli Husby, Tove Bævre og John Heggem senior.
Konfirmantane Vebjørn Sæterbø Skei og Tina Kristin Hoås med sine sjåførmødre hadde Bøverdalen som rute. Hos ein gjevar fann Tina den eine hemmelege gullbilletten som gjer Åsskard til deltakar i ei lita KN-trekning.
Og om somme ikkje var heime da konfirmantane banka på, er toget likevel ikkje gått. Det er framleis høve til å gje si gåve til Kirkens Nødhjelps fasteaksjon via bankkonto (1594.22.87493), sms (melding til nummer 2468 betyr 200 kr) eller gjevartelefon (820 44 088, også 200 kr)