Den store nestedugnaden:

Kjempeinnsats for Kirkens Nødhjelp

Fasteaksjonen for KN er blant landets største dugnader. Tysdag denne veka har konfirmantar og vaksne bøsseberarar gått dør-til-dør i alle kyrkjesokn. Slik blir det resultat av.

I store og små sokn er fasteaksjonen ein del av konfirmantplanen. Og på stader med få konfirmantar trer dei vaksne til – både som sjåførar og innsamlarar.

2019 04 09 Fasteaksjon b_690x618.jpg
Soknerådsmedlemmene i Åsskard deltok på kvar sin måte: Gunda Bele (frå venstre) som «konfirmant» (les: bøsseberar), Bernt Bøe som sjåfør og May Britt Johnsen som KN-kontakt med ansvar for samordning. ​


Vel mottekne

Som i Åsskard, der dei to konfirmantane Mia og Aurora fekk assistanse av soknerådsmedlemmer og andre frivillige. - Men vi vart vel mottekne, sjøl om ikkje alle var heime. Mange hadde pengane klare der vi kom, lydde kommentarane i kyrkjestua etter endt aksjon. Der vanka det saft og bakels og fortent ros frå den lokale aksjonsleiinga.


Vatn reddar liv!

Årets KN-aksjon fokuserer på å skaffe vatn og sanitærhjelp i utsette område. Under mottoet «Vann forandrer alt» peikar Kirkens Nødhjelp på at reint reddar liv. Behovet er enormt -  over 800 millionar menneske manglar tilgang til reint vatn – men kvart år skaffar KN nødvendig vatn til bortimot 3 millionar.

Da monnar aksjonen i sokna på Nordmøre og resten av landet faktisk ikkje så lite – trass alt! Ikkje minst fordi Kirkens Nødhjelp kan bevise at heile 9 tideler av innsamla midlar går direkte til formålet. Den siste tidelen trengst til organisering og kvalitetssikring av arbeidet.

I løpet av onsdagen blir bøssene tømte og innhaldet rekna saman. I tillegg kjem vipps-innbetalingar, takkoffer i kyrkjene og andre gåver. Og da knyter det seg spenning til det årlege spørsmålet: Blir det ny rekord denne gongen?

2019 04 09 Fasteaksjon a Aurora.jpg
Konfirmant Aurora leverer velfylt bøsse etter å ha gått frå dør til dør på Nordstranda i Bøfjorden.


Tekst og foto frå Åsskard er innsendt av Bernt G. Bøe


Her er resultatet fra Surnadal og Rindal sin innsamling til Fasteaksjonen:

Rindal : 39.260,-
Åsskard: 12.684,-
Stangvik: 9.972,-
Todalen : 7.612,-
Mo:          10.312,-
Øye/Ranes: 39.777,-

Til sammen har det kommet inn kr.  119.617,- med Vipps.

Ledar for Innsamlingsaksjonen Gro Hauge Venås rettar ein stor takk til alle konfirmantar, frivillige og foreldre som deltok på innsamlingsdagen tirsdag 9. april.

P1070284.jpg
Sara Moen

P1070286.jpg
Lene prest i lag med Daniel Ranheim og Harald Langli.
 

Takk til alle som deltok, både konfirmantar som gjekk med bøssene og gjevarane, frå innsamlingsleiarane i Rindal sokn!


Foto frå Rindal: Kjellaug Foseide