Lorentz Sæter og Tove Sundli 2000

Kjempeoppslutning for ARK-opning

Folk stod bokstaveleg tala i kø då det torsdag var klart for opning av den nye ARK-butikken i Alti Surnadal. – Vi er så glade for å kunne opne, og trur dette blir knallbra, seier butikksjef Tove Sundli.

Ingressfoto: Senterleiar Lorentz Sæter og butikksjef Tove Sundli feira opning av ny ARK-butikk i Alti Surnadal torsdag.
 

Surnadalingane kjende besøkelsestida si då ARK Surnadal opna dørene torsdag morgon, og allereie ein halv time etter opninga gjekk køen av kundar til kassene omtrent til midten av butikken.

Den store pågangen var prov på at bokhandelen, som kjem med fullsortiment og dermed stort utval av leiker, var etterlengta.

Ordførar Margrethe Svinvik (Sp) klipte snor og stod for den formelle opninga, medan senterleiar Lorentz Sæter diska opp med marsipankake til dei frammøtte.

Svinvik rosar Alti-gjengen for å ha tiltrekt seg ARK til Surnadal.

– Vi vart lei oss då nyheita om Notabene kom, og gleda var desto større då Lars Ove Løseth slapp nyheita om at det skulle kome ARK hit, sa Svinvik, som var glad for at Tove Sundli er på plass som butikksjef.

– Det at vi får denne butikken til bygda, og at vi får med oss sjølvaste Tove til å ta imot oss, gjer at dette er ein vinn-vinn-situasjon. No må vi støtte opp om butikken og vise at vi vil ha dette tilbodet, smilte Svinvik.

snorklipping.jpg
Snorklipping ved ordførar Margrethe Svinvik markerte den offisielle opninga.

Lorentz og Margrethe.jpg
Lorentz Sæter og Margrethe Svinvik.
 

Sundli: – Stor stas

Og Tove Sundli sjølv, deler gleda til ordføraren.

– Alle vi som jobbar her tykkjer dette er kjempeartig. Vi har fått ein så lys og fin butikk, med variert innhald, og vi gler oss til å ta imot kundane, seier ho.

I tillegg til Sundli er Elin Jensen, som jobba på Notabene i ti år, og Marit Gravvold, på plass som tilsette i ARK Surnadal. Anna Vaagland Larsen har og vore med på førebuingane, og er med som ekstrahjelp medan ho ferierer på hytta.

Sundli fortel at det har vore mykje jobb for å få alt på plass til opninga.

– Det var 30-31 varmegrader den veka vi pakka ut alle varene, så då var vi ganske svette alle saman. Men sidan dette var så lystbetont, og vi gleda oss sånn til opning, så var det ikkje drygt, seier ho, og rosa oppfølginga butikken har fått frå ARK sentralt.

– Det kom eit heilt team frå ARK, og dei fekk plassert varene i butikken, der dei skal vere, medan vi stod for utpakkinga. Det er veldig hyggelege folk, som verkeleg har peiling på det dei driv med, seier Sundli.

Ho tykkjer det er stor stas at det er bokhandel i Alti Surnadal igjen, og nemner entusiastisk kva kundane kan glede seg til å finne i butikken:

– Eg elskar bøker, så det er jo sjølvsagt det som er aller, aller mest stas for meg. Men vi har fått inn veldig mange fine leiker, og har enorme mengder spel og puslespel. Vi har og fine Mummitrollet-ting, seier Tove, og stoppar litt opp, før ho smiler frå øyre til øyre:

– Alt er fint!

ansatte.jpg
Anna Vaagland Larsen, Marit Gravvold, Tove Sundli og Elin Jensen ønskjer kundane velkomne til ARK Surnadal.

tilsette og ark-sjef.jpg
Dei tilsette saman med sals- og driftsdirektør i ARK, Stein Ove Gudmundsrud.
 

Vil bli gåvebutikk nummer én

Blant dei mange kundane som var innom ARK Surnadal i samband med opninga, var Aase Reidun Romfo. Ho var full av lovord om den nye butikken, og fortel at ho var fast kunde på Notabene.

– Denne opninga har vi surnadalingane gleda oss til lenge. Butikken vart utruleg lys og fin, så dette har eg skikkeleg tru på. Vi har sakna ein bokhandel, seier Romfo.

Alti-sjef Lars Ove Løseth er glad for at ARK har valt å etablere seg i Surnadal.

– Det er kjempestas at vi har fått ARK inn i Alti Surnadal. Vi jobba veldig mykje med å få til dette etter at vi fekk nyheita om Notabene. Bygda treng og fortener ein bokhandel, og difor er vi veldig glade for at ARK ville vere med og satse her, seier Løseth, og fortsett:

– Dei har mange alternativ når det gjeld kvar dei vel å etablere seg, så vi er veldig fornøgde med at dei valte Surnadal – og at dei kjem med fullkonseptet sitt, og dermed heile barneavdelinga si. Vi trur dette blir veldig bra.

Sals- og driftsdirektør Stein Ove Gudmundsrud i ARK omtalar det å vere til stades på plassar som Surnadal, som viktig:

– Vi er i dei store byane, men har og butikkar på mange mindre stadar. Saman med nettsatsinga vår betyr det at vi gjer bøkene tilgjengelege for folk, og det er viktig, seier han, og understrekar samtidig at ARK Surnadal tilbyr mykje meir enn bøker.

– Butikken er stor på barnevarer. Sidan det ikkje er leikebutikk på senteret her, kan vi fylle ein del av det leikebutikken hadde, på alt frå sommarleiker og teiknesaker til spel, seier han, og legg til:

– Det gjer at vi skal vere gåvebutikk nummer ein i Surnadal. Folk skal vite at når dei skal handle gåver, går dei til ARK.

ARK-toppen er veldig glad for at Tove Sundli er med som dagleg leiar.

– Vi er veldig glade for at vi har fått med Tove på laget. Ho kjenner bransjen, ho kjenner plassen og ho kjenner kundane, så dette gler vi oss til.

lol og ark-sjef.jpg
Stein Ove Gudmundsrud og Lars Ove Løseth.

aase reidun romfo.jpg
Aase Reidun Romfo.

Fleire bilete frå opninga:

ark-skilt.jpg

ark 1.jpg

folk1.jpg

folk2.jpg

folk 3.jpg

kø.jpg