Midtnorsk-troppen IMG_5031_1280x960

Kjemperesultat

- Vi fekk med oss eit resultat langt over forventa, seier trenar Kjell Gunnar Polden i Surnadal NTN Taekwon-Do Klubb, om resultata deltakarane hans oppnådde under dagens konkurransar i Midtnorsk mesterskap i Trondheim. No gler dei seg til NM i Stavanger om 14 dagar!

- Vi har eit lag som det er svært triveleg å jobbe med. Dei bakkar opp kvarandre og gjer kvarandre betre, seier Polden begeistra.

Resultat:

Ragnhild Berg tok  gull i spesialteknikk, langt over forventa.
Heidi Fiske - gull i sparring og sølv i mønster.
Aurora Dønheim Berle tok gull i sparring og bronse i mønster.
- Ho vann over ein landslagsutøvar, overraskande for nokre, men ikkje for meg, seier Polden.

Vebjørn Brandsegg tok bronse i mønster.
Stig  Oldervik sikra seg sølv i mønster og sølv i sparring.

Kari Hausberg tok gull i sparring.
- Det overraska ikkje meg, seier Polden, - rein teknikk og klart hau - det verkar, legg han til. Ho slo også landslagsutøvarar.

Sunniva Sørvik Grimsmo tok sølv i sparring, og i klasse dame senior raudt belte tok Mathias Mogseth Nordal gull og Camilla Klingen sølv.

Mia Guldbrandsen og Harald Polden var solide coachar medan surndalstrenaren sprang og dømte, blir det meldt.

På bildet ser vi frå venstre: Sunniva Sørvik Grimsmo, Aurora Dønheim Berle, Vebjørn Brandsegg, Heidi Fiske (framom), Sindre Bruset, Kari Hausberg, Jorunn Fiske, Maren Svanem pluss ein supporter.