Kjernebiter 170512 B_1024x748

Triveleg besøk på nasjonaldagen

Kjernebiter på snarvisitt

Det er stor aktivitet på fôringsplassen utafor glasruta hos Trollheimsporten. På sjølvaste nasjonaldagen stakk kjernebitaren innom - ein sjeldan gjest, som såg ut til å trivast godt blant grønsissik, dompap og bokfink.

Kjernebitaren er ein kraftig bygd finkefugl med påfallande kraftig nebb. Oversida er mørkebrun og undersida brunraud. Den korte stjerten har kvit spiss, mens ei svart teikning omkring nebb og auger, strekkjer seg nedover haka. Hoa er bleikare enn hannen.

Kjernebitaren foretrekkjer høgstamma lauvskog. Den lever eit tilbaketrekt liv i trekronene og blir lett oversett om ein ikkje kjenner lyden - eit hardt og kaldt "zikk".

Kjernebitaren lever hovudsakleg av frø frå ulike lauvtre, og med sitt kraftige nebb kan den knuse ein kirsebærstein. Den tek også knoppar og innsekt.

Reiret blir oftast plassert i eit lauvtre. Dei 4-6 egga, lyseblå med mørke flekkar, blir lagt i mai og det er hoa som rugar i 12-13 døgn. Ungane flyg ut av reiret etter 13-14 døgn.

Ein triveleg snarvisitt på sjølvaste nasjonaldagen!