
Premiedryss under laksefestival-avslutninga
Kjetil satsa på riktig and
Kjetil Bolme, på bildet med dottera Nina (3), vart søndag ettermiddag 30.000 kroner rikare, etter at plastanda han hadde kjøpt, passerte målstreken først under det store andeløpet. Under avslutningsdagen på årets Norsk Laksefestival vart Aslaug Sæter Heggset den glade vinnaren av ein bil, medan Tone Damli Aaberge runda av festivalen med gratiskonsert for eit stort publikum på Skei. Sjå bildekavalkade her!

Andeløpet er blitt ein av dei store attraksjonane under Norsk Laksefestival.
Mykje folk hadde møtt opp ved Øye bru for å få med seg "racet", der en pen sum i premiepotten også lokka mange til å kjøpe lodd i form av gule plastender.
Kjetil Bolme si and passerte altså målstreken først, og innkasserte 30.000 kroner. Øyvind Svendsli fikk andrepremien på 5000 kroner, medan Olav Rønning fikk tredjepremien - ein sjekk på 2500 kroner.
Les meir om andeløpet her.
I Surnadal IL sitt store billotteri, vart Aslaug Sæter Heggset vinnar av førstepremien - ein Peugeot 107 til verdi av 145.000 kroner.
Klikk på bilda under for større versjonar.
Endre Helgetun delte ut Ungdomsrådet sin Ungdomsarbeidets pris til Surnadal Jeger- og Fiskerforening ved leiar Anders Magne Ormset.
Tone Damlie Aaberge samla eit stort publikum under gratiskonserten som var sponsa av Surnadal Sparebank.

.png)





