Surnadal kommunevåpen

Klagebehanding namnesaker

Kartverket har vedteke følgjende namn: Røen (gnr. 112), Røsetra (seter under gnr. 112), Røelva (bekk), Røslia (bnr 118/6), Røslia (li, gnr. 47) og Skabekken (bekk på Bølandet).

Det kom ikkje inn uttalar frå lokale partar som gjekk mot denne måten å skrive namna på i den vanlege behandlinga av desse sakene.

Namnesakene skal gjennom ein klageprosess, og partane har rett til å klage på vedtaket innan tre veker. Ei ev. klage skal grunngjevast, og grunngjevinga må omtale alle namn og namneledd som blir omhandla av klaga.

Dei som er partar er, forutan nokre offentlege organ, dei som eig eller festar gardsbruk eller eigedomar som får dei vedtekne namna, samt lokale organisasjonar med særleg tilknyting til eit stadnamn.

Dei som eig gardane/bruka (Røen og Røslia) skal ha fått melding direkte frå Kartverket. Andre som meiner dei er partar, og vil nytte retten til å klage, kan få sendt saksdokumenta ved å ta kontakt med Kartverket eller Surnadal kommune (for adresser, sjå under).

Ei eventuell klage skal sendast direkte til Kartverket (post@kartverket.no eller Kartverket, Postboks 600 Sentrum, 3507 Hønefoss), med gjenpart til kommunen (post@surnadal.kommune.no eller Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal).

Endeleg frist for å sende inn klage er 8. juli.