Klar for neste vakt
Det er ei uverkeleg tid, der alt er snudd opp ned. Eg forstår at mange kan vere både usikre og redde, men det har vore ei utruleg mobilisering for at vi «skal stå han av»!
Vi har gjort klart til neste vakt og er godt rigga for det som kjem. Vi er klare!
Den viktigaste jobben er den alle av oss gjer ved å vere minst muleg i kontakt med andre, halde avstand, vaske hender og vere heime viss vi er sjuke. Dette greier vi og dette må vi nok halde på med ei god stund framover.
Vi har innført strenge karantenereglar, restriksjonar på reiser, og full stans i alle aktiviteter som ikkje er samfunnskritisk nødvendig. Konfirmasjonar er utsett til hausten og russefeiringa blir ikkje som vanleg. Skular og barnehagar er stengt og talet på permitterte og næringsdrivande som brått har vorte kasta ut i ei usikker framtid, gjer stort inntrykk. Difor er det så viktig at vi alle no gjennomfører neste vakt etter planen, at vi gjer det vi skal og held ut.
Helsepersonell mobiliserer, sikrar nok smittevernutstyr, gjennomfører testar, tek hand om pasientar i risikogruppa, innfører strenge besøksrestriksjonar på sjukeheimen vår, legg til rette for digitale treff med pårørande, og førebur seg på at dei vil stå i frontlinja når viruset bankar på. Og ikkje nok med det, mange som ikkje arbeider med helse i dag, melder seg til teneste!
Lærarar har sikra at ungane våre får undervisning sjølv om dei er heime. Dei har utan å spekulere gått på den nye kvardagen med digitale klasserom og følger opp ungane våre på ein måte som ser ut til å fungere utmerket!
Mange gjer ein stor innsats, og sørger for at samfunnet går rundt med reinhald, transport, matforsyning og nødvendige tenester. Så er det for mange tøft å sjå at inntekta sviktar, eller at du ikkje får møte dine kjære. Eg får likevel berre positive tilbakemeldingar på at alle vil bidra i denne dugnaden. Frivillige lag og organisasjonar, private og bedrifter, alle stiller opp og kvar og ein av oss er viktige for å få til dette. Takk til alle saman!
Dei næraste dagane får vi sjå korleis utviklinga blir i Noreg og her i Surnadal. Har vi sett inn nok og rett tiltak? Den kritiske faktoren er TID. Målet er å bremse utviklinga og fordele smittetilfelle utover i tid, slik at helsevesenet vårt greier å hjelpe dei som treng det og å skjerme sårbare frå smitte. Vi må lykkast med dette før vi kan lempe på dei aller strengaste restriksjonane.
Så til slutt ei ekstra helsing til alle om å ta vare på kvarandre, send ei melding eller ring til nokon du veit kan vere einsam, vis omsorg og bry deg om både ungar og eldre som kanskje treng ekstra støtte i denne tida.
Ta vare på kvarandre – saman er vi sterke!
Margrethe Svinvik
Ordførar i Surnadal kommune
Foto: Ragne Borge Lysaker