tp_leserinnlegg_valg2019

Klart eg skal stemme!

Klart eg skal stemme!
Mandag er det valgdag! Det er faktisk fire valg: Kommunevalg, Fylkestingsvalg, Soknerådsvalg og Bispedømmerådsvalg. Eg skal vere med på å velge samansetninga av fire viktige grupperingar!

Kommunevalg
Eg hører til dei i Rindal som heilt fram til det siste er usikker på kva parti eg skal stemme på ved kommunevalget på mandag. Dei tre partia som stiller til valg ser ut til å vere svært enige i dei fleste store spørsmåla.
Mitt valg:
Det blir eit personvalg for meg. Det er personane på dei ulike listene som avgjer kva liste eg legg til grunn. For eg må velge ei! Det vil vere personar frå andre lister som eg ønsker med i kommunestyret som eg legg til. Da styrker eg den personen, men eg svekker lista eg har valgt. Så er eg lei for at den lista eg har bruka tidlegare ikkje ligg ute i år.

Fylkestingsvalg
Så må vi ikkje glømme at det også er fylkestingsvalg!
Fylkestingsvalget er meir rikspolitisk. Der kan du stemme på det partiet som har det overordna beste programmet, og det signalet vert også rikspolitisk.
Dei lokale kommunepolitikarane lovar å legge press på fylkeskommunen. Da er det viktig at vi får fylkespolitikarar som kjenner utfordringane til den nye kommunen i Trøndelag.
Mitt valg:
Kristeleg Folkeparti har Karin Bakklund Bjørkhaug frå Meldal på topp. Karin er frå nabokommunen og har jobba i mange år i Rindal kommune. Dermed har ho kjørt både R65 og Mjohølvegen og kjenner dei problema vi har der. Elles står ho også for ein god, sentral KrF-politikk. Eg vel KrF-lista.

Kyrkjevalg – soknerådsvalg
Her er valget lett, ei liste og mange dyktige folk som fortener støtte ved at vi brukar stemmeretten vår ved dette valget også. Kyrkjevalget er i same lokale som dei andre valga.

Kyrkjevalg – bispedømmeråd
Her har Nidaros Bispedømme 3 lister, Nominasjonskomitéen si liste, Bønnelista og Åpen folkekirke si liste. Svært få kjente namn for meg. Mesta ingen frå vår del av fylket!
Mitt valg:
Valget er likevel lett, eg vel lista til Nominasjonskomitéen fordi den har breiast samansetning når det gjeld meiningar, har eg forstått. Meldaling der også, sist på lista, og yngst. Guri Gunnes fortener tilleggsstemme!

Viktigast
Bruk stemmeretten, for det er den som stemmer som bestemmer!
Godt valg!
Ole Trygve Foseide