herrelaget 2017-18 2_690x505

Klart tap for Surnadals-herrane

Surnadals handballherrar spelte bortekamp i 4. div. mot Sparbu i Mærehallen laurdag. Det endte med timålstap.

Bildet over er frå arkivet.

Surnadals herrar ligg eit stykkje nede på tabellen, og det vart eit klart timålstap borte mot Sparbu denne helga. Surnadal makta ikkje å sette meir enn 5 mål i første omgang og låg under 14 - 5 ved pause. Noko betre gjekk det i andre omgang, men Sparbu blei for sterke og vann 28 - 18. For Surnadal, sette Håkon Strupstad Mikkelsen 6 ballar bak burvaktaren til Sparbu og blei med det toppscorar for bortelaget.

Kampfakta: Sparbu - Surnadal 28 -18 (14 - 5 )

Laget:

Stian Faksnes
Lars Bæverfjord 1
Mikkel Bæverfjord 5
Håkon Strupstad Mikkelsen 6
Erik Sande 1
Joakim Halgunset 1
Jon Arne Løfaldli
Ole Joar Bruset 1
Stian Kooyman 3