Torsdag
Torsdag Kraftig regn
Kraftig regn
Lett bris
Fredag
Fredag Regn
Regn
Svak vind
IMGP6792-001

Klauvene må skjerast

Klauvene til kyr veks fortare enn dei slites. Derfor må dei skjerast 1 - 3 gonger i året. Denne veka har 12 klauvskjerarar vore samla til kurs i Rindal for å lære å stelle godt med føtene til desse store dyra.

IMGP6784.JPG

Kurset var plassert i Rindal, - som eit forsøk med eit kurs i perifere strøk, sa kursleiaren Stein Ove Løken frå Stryn med eit smil. Han er styreledar i Norsk Klauvskjerarlag.

IMGP6786-001.JPG

Trond Løfaldli er instruktør i klauvskjering og landsstyremedlem i Norsk Klauvskjerarlag, og han hadde nok ein finger med i plasseringa av kurset.

Kursdeltakarane var frå Balsfjord i nord til Løten i sør – og fleire frå Midt-Norge. Deltakarane var bønder, veterinærar og tilsette i GENO.

43012731_742526866093203_4518618861716635648_n.jpg
Teori på Bolme Pensjonat

Overnatting og teori på Bolme Pensjonat, og praktiske øvingar i Nestu Røen i uthus og fjøs hos Anders Trønsdal fungerte heilt perfekt. I den trivelege etestova i fjøset (!) serverte jordkaren Martin sjølvbaka brød frå eige bakeri, Gardsbakeriet Hæmstelt.

IMGP6782.JPG
Lønsj i etestova i fjøset

Dette kurset var eit grunnkurs før dei kan ta sertifiseringskurs som klauvskjerar. I mellomtida må dei hospitere hos ein klauvskjerar i minst ei veke. Da skal dei under rettleiing skjere minst 20 daude bein og delta aktivt i klauvskjering. Dette fekk dei også prøve under grunnkurset.

Etter grunnkurset skal dei sjølv ha skåre minst 1000 kyr før dei kan gå opp til sertifisering. Det er Veterinærhøgskolen, Animalia og Norsk Klauvskjerarlag som sertifiserer.

Så er det eit nyinnført kurs som går vidare for dei som vil bli instruktørar.

IMGP6790.JPG
Kyrne vart plasserte i dette apparatet. Så vart dei heisa opp i ein sele, og heile apparatet vart heva til god arbeidshøgde for klauvskjeraren.

2018-10-03 13.30.15-1.jpg

43032649_314708429111619_5018625562608926720_n.jpg
Hundretals kuføter var henta frå eit slakteri i Trøndelag som Martin Brox frå Troms, Tone Merete Hoås frå Bæverdalen og dei andre kursdeltakarane skulle øve seg på.

42996072_2201218896804059_4176174887209009152_n.jpg
Her er det øving på daude føter.

43060771_2142816409303018_4429531726645035008_n.jpg

IMGP6797.JPG
Her jobbast det med levande kyr

IMGP6796.JPG

 

IMGP6789.JPG

Her får den einaste lokale kursdeltakaren, Tone Merete Hoås frå Bæverdalen, kursbeviset sitt frå Trond Løfaldli.

60 kyr skulle klauvskjerast i kursfjøset. Kursdeltakarane rakk å skjere 20 kyr. Resten måtte kursledarane ta etterpå. Dei vart ferdig i åttetida!