kulturskuleelevar_1024x713

Kleivakveld på 17. mai!

I Surnadal er pinsehelg og Vårsøghelg to sider av same sak, og fredag er dagen for Kleivakveld. Slik blir det også i år sjølv om 17. mai fell på fredag før pinse. Laget Vårsøg har vurdert saka nøye, og har bestemt seg for å gjennomføre Kleivakvelden på fredag som vanleg, sjølv om det er nasjonaldag. Resultatet blir ein Kleivakveld litt utanom det vanlege, men som likevel fører tradisjonane frå tidlegare Vårsøghelger vidare.

Elevar frå Kulturskulen i aksjon på Vårsøghelga i fjor. Foto: Willy Karlstrøm

-Eg håpar folk kjem på Kleiva og feirar 17. mai i lag med oss, seier dagleg leiar i Vårsøghelga, Gerd Ingrid Kvendset. Ho lovar eit arrangement som er farga av dagen, men som likevel inneheld tradisjonelle innslag. Ein kjent nordisk artist vil bli hovudartist denne kvelden. Kontrakt er allereie signert, men ho vil  så langt ikkje røpe namnet på artisten. –Men Henning og John Pål blir der- i 17. mai-modus! lovar ho. Vanlegvis blir det arrangert pubkveld i etterkant av Kleivakvelden. Laget Vårsøg reknar derimot med at mange nok har diverse arrangement bak seg når dei kjem til Kleiva i år, og dei har derfor bestemt seg for å avslutte på Kleiva og flytte pubkvelden til 16. mai i staden.

På grunn av 17. mai vil Vårsøghelga i år strekkje seg over lenger tid enn før. I staden for opning på torsdag, startar Vårsøghelga i år på onsdag den 15. med kunstutstilling og opningskonsert på Kulturhuset. Etter dette står arrangementa i kø i dagane utover. Det vil bli fotballpub på torsdag, og laurdag og søndag er det fullt av programpostar innanfor mange ulike sjangrar, fortel Kvendset. Fjorårets suksess med brannstasjonkveld vil bli følgd opp, men programmet denne kvelden vil enno ei tid bli ei godt bevart hemmelegheit. Av andre programpostar kan det nemnast at det blir kyrkjekonsert på søndag, og det blir forfattarbesøk og program for ungdom. Det er med andre ord all grunn til å gle seg til Vårsøghelga også i år! Vi ventar spent på fleire detaljar kring programpostane…..