Kleivakveld
Fredagens Kleivakveld redda av sprudlande konferansier og vel fortjente prisvinnarar! Sjå meir kva rundt 500 tilhørarar opplevde på Kleiva i Driva, Tidens Krav og her!
Kveldens konferansier, statssekretær Jan-Erik Larsen, måtte steppe inn som reserve i dag og gjorde mykje ut av det, som andre reservar har gjort før! Heldigvis kunne han vise til 2 års språkstudier i bygda og kvitterte for tilliten med personleg vise om livet som statssekretær. Svein Sæter fekk årets Kleivapris etter stor litterær og kulturell innsats og stor breidde. I takketalen dediserte han prisen til mor si som hadde støtta og inspiret både han og faren. Frå Kleivafondet vart det delt ut to stipend, eitt til Erik Øien for utgjeving av bok om Surna og eitt til CD-innspeling med The Battery. I tillegg vart dei 9 prisvinnarane i diktkonkurransen på skulane i Surnadal premiert etter at dei hadde framført dikta sine.
Kveldens musikarar svikta heller ikkje, korkje i kvalitet eller breidde!
Kvelden starta med afrikanske trommer, og slutta med "Vårsøg". Det karakteriserer også breidda i programmet.

Hans følgde godt med etter som trommeslagarane fekk selskap på scena


Kristiansundarane Jan-Erik Larsen og Frode Alnæs gjorde svært god innsats!

Iddy Aziz, John Pål Inderberg og Henning Sommero.

Henning Sommero, Julius Charo Shutu, Paolo Vinaccia, Iddy Aziz, Frode Alnæs og John Pål Inderberg.

Spansk flamencodans for første gong på Kleiva!

Else-May Botten delte ut Kleivaprisen til Svein Sæter.

.png)

