Klenodium a Odd Helge Langli med gml RIFLE

Klenodium etter Ola Smed

Historie interesserer Odd Helge Langli. Gamle klenodier får liv når entusiasten hentar dei fram. Som munnladningsrifla laga av smeden Ola Jonson Røv for snart 200 år sia.

Bildet over: Odd Helge Langli med munnladningsrifla etter meistersmeden Ola Røvsøyen.

Tekst og foto: Bernt G. Bøe
 

Hans Hyldbakk fortel i «Gamalt frå Surnadal» mykje om den dyktige handverkaren Ola Jonson, som levde frå 1805 til 1876. Han var frå Utistua på Mauset og gjekk truleg i smedlære hos dei svenske meistrane Mathias og Jörgen Östman. I 1836 kjøpte Ola smia deira i Røvsøya (Moøya) – der han vart kjend for sine ljåar, plogjarn, vognbeslag og for finare smedarbeid som skåp- og kistelåsar.

Klenodium b Rifle OJR Lås Namn.jpg
Mekanismen – med børsemakaren sin signatur.


Børsemakar og mirakelmann

- Men største meisterskapen nådde han som børsemakar, skriv Hyldbakk. Eit eksempel på dette er rifla som Odd Helge Langli viser her - eit lettbygd og elegant våpen med meisterens særpreg.

Her vart krut og kule stappa inn framafrå – med ladestokken. - Og small gjorde det når hanen slo mot fenghetta og sendte gnisten gjennom den opne pistongen inn til krutet. Konstruksjonen på rifla viser at Ola Røvsøyen var oppdatert på våpenutviklinga i si tid, seier Odd Helge og anslår munnladningsbørsa til å vera laga rundt 1840. Det skal finnast fleire slike etter smeden i Røvsøya.

- Ola Jonson brukte sjøl børsa som veidemann i skog og mark, skriv Hyldbakk og fortel at han hadde mang ein holmgang med bamsen.

Meistersmeden hadde visst andre evner og. Det er påstått at han åtte «Svartboka», kunne skremme spøkelse og endatil «stemme blod». Både ei blødande barselkone i Fiskjasøya og ein kar som hogg seg i foten nede på Sylte, vart bra straks Ola las sine regler!

Odd Helge Langli oppbevarer den historiske rifla i eit enda eldre våpenfutteral – laga av tipp-tipp-tippoldefaren, Ola Jonson Langli – som var fødd i 1776. Mannen med dette forseggjorde skinnarbeidet var også børsemakar og bjørnejeger.

Klenodium c Etui JO Langli.jpg
Børsefutteralet etter Ola J. Langli (tidleg 1800-tal) er også eit klenodium.


Markafunn

Som ivrig friluftsmann viser Odd Helge eit par markafunn han gjerne vil ha lesaren si hjelp til å finne ut av. Først gjeld det ein 12 cm lang, avbroten stein som ser ut til å vera kvesst som ei lita flat-hakke i eine enden. Denne fann han på ei berghylle ovafor Heggset i Surnadal, omtrent 60 meter over havet.

Klenodium d Kvesst stein OH Langli.jpg
Den kvesste og avbrotne steinen – sett frå sida (øvst) og nedafrå. Kva reiskap var dette?

Klenodium e Steinkule OH Langli_690x505.jpg
Har denne kulforma steinen også si historie?


Det andre er ein kuleforma stein som faren, Ingar K. Langli, fann mellom to steinhyller i skogen ved Glærem. Kula er litt flatklemt, med diameter eine vegen på ca 7 cm, andre vegen ca 5 cm. Ho er svart og kan sjå ut til å ha vore brent.

Har nokon aning om kva desse steinane kan fortelje?