Picasa

Kling no, klokka

Kvar julekveld må eg ut på trappa og høre at klokkene i Rindalskjerka ringer jula inn, skriv Ragnhild Stavne Bolme. Det blir ikkje slik i år. I denne jula er det første gongen det ikkje blir ringt frå kjerketårnet her i Rindal på over 325 år. 

Vi veit at det har vore ringt frå kjerketårnet på Rindalskjerka i jula heilt sidan 1689, mest truleg frå enda lengre tid attende.

Gamlekjerka, som vart innvigd i 1689, hadde to små klokker som vart omstøypt til ei stor klokke til nykjerka som vart innvigd i 1874. I tillegg vart det da kjøpt ei klokke frå Bochhümer Güsztahlverein i Westphalen. Det er desse to klokkene som fram til no har sendt sine klangfulle og reine klokketonar ut over bygda.

Vi ser fram til at tårnet og klokkene er på plass neste jul.