Klipp frå Orkmannen 9
No like før skulestart kan det kanskje vere interessant å lese om kva dei var opptekne av på "skulefronten" i 1927. Det har vore skulestyremøte i Rindal og Orkmannen har fått eit grundig referat derifrå. Det er planer om nybygg ved Bolme skule, lækjarundersøkjing av skuleborn er drøfta og vi får ei grundig innføring i teikneundervisning, mellom anna.
Og dette er vel ikkje ei framand problemstilling i dag heller:
" Det er med lærararbeidet som med anna arbeid: ein gjer det ikkje alltid like godt
- og borna er heller ikkje alltid like godt opplagt."
Heradsstyret har også hatt møte med ei lang sakliste:
Det er delte meiningar i bygda om korleis Rindal kommunale auto skal drivast.
"- Nu har atter kommunen kjøpt en svær lastebil for 12 000 kroner, og dette blikjøp har virket svært på humøret i bygden..."
Rørdalen er lagt ut til nydyrkingsfelt og T. Rigstad Kristiansen kjem med gode råd
til dei som skal starta opp der.
Men kvar skal vegen til Rørdalen gå?
- Og kvar skal skuleborna derifrå gå på skule?
Tidlegar klipp frå Orkmannen finn du HER