
Helsing Kløvvegkomitéen
Kløvvegmarsjen - ein tur som har alt
Allsidig natur, historie og kultur, dyre-og planteliv, svartkjel, mat og musikk. Triveleg folk som går ilag med hestar og hundar. Årets tur var den tiande i rekkja og jubiléet vart feira med å gjere akkurat slik som vi brukar å gjere det; vi treffest og går i lag, og til slutt havnar vi på Røsta der Mo skulekorps serverer kjempegod rømmegraut og Larsens kvartett spelar så det blir riktig så festleg. I år gjekk over 50 personar, og den yngste var berre 5 år. 5 hestar var også med og sette sitt vakre preg på turen. Om det var litt grått så let vi oss ikkje merke med det, men vi håpar folket kjem att til neste år og får sjå enno litt meir. For neste år blir det ny marsj og komitéen gler seg allereie! For vi har også vandrehjerter..