
KM-gull til surnadalingar
I tillegg til medaljer til dei tre beste, var det også gavekort i premie til utøvarane. Til venstre Ragnhild Mogstad og Guro Myrset, MOI, som delte førsteplassen i klasse jenter 13 år. Nummer tre vart Vilde Årøen Lykke , Emblem, og nummer fire Martha Skogeng Reiten, også ho frå Emblem. Alle foto: Norunn Holten
Utøvarar frå både Surnadal i.l., Betna i.l. og Bæverfjord i.l. stilte frå nærområdet vårt i KM denne helga, eit renn som også inngikk som fjerde renn i SBM-cup. Surnadalingane gjorde som allereie sagt den største gullfangsten, men det vart også levert mange andre gode resultat av utøvarar frå vårt distrikt. Njaal Aakvik frå Betna i.l. kom først i mål i klassen for gutar 10 år, og broren Martin kom på andreplass i 12-årsklassen, berre sju tidelar etter vinnaren. Sindre Fiske frå Surnadal i.l. gjorde også ein flott innsats i denne store talrike klassen med ein 8.plass.Vil du sjå alle resultata frå rennet, kan du klikke deg inn her.
Til venstre: Ein nybakt kretsmester, Kristoffer Berset, imponerte igjen og sikra seg gullmedaljen trass i eit fall unde vegs.
Til høgre: Njaal Aakvik frå Betna (t.h.) gjekk raskast av gutane i klasse 10 år. Her saman med Arnstein Fjærli frå Bæverfjord som debuterte som kretsrenndeltakar i same klasse i Tomrefjord.
Fire surnadalingar på vakre Tomrefjordfjellet: Arnstein Aasbø, Ragnhild Mogstad, Signe Larsen og Kristoffer Berset.
Helge Fjærli, Bæverfjord i.l., var godt fornøgd med 7.plass i klasse gutar 14 år.
Ingrid Nerem, Emblem, vann klasse jenter 14 år framfor Sigrid Ertresvåg Jacobsen, Emblem, Vilde Brenne Bjerkeset, MOI, Sigrid Moen Bævre, Øvre Surnadal i.l. og Synnøve Eik, Tomrefjord.