
KM til Larsen og Berset
Det vart kretsmesterskap på både Snorre Larsen og Kristoffer Berset frå arrangørklubben da Surnadal i.l. arrangerte KM i sprint på Nordmarka laurdag. I klasse gutar 12 år gjorde Arnstein Aasbø og Sindre Hyldbakk Kvande, også dei frå Surnadal i.l., ein flott innsats med 2. og 3.-plass.I denne klassen stilte heile 16 utøvarar til start. Øvrige resultat finn du på heimesida til Surnadal i.l. eller ved å klikke her. I morgon er det KM langdistanse og sonerenn på programet på Nordmarka.
Her er dei fleste av surnadalstroppen samla etter sprinten laurdag: Frå venstre rennleiar og trenar for surnadalingane, Arne Berset, Jonas Aasbø, Ragnhild Mogstad,
Siri Sylte Heggset, Sindre Hyldbakk Kvande, Arnstein Aasbø, Guro Beate Sæterbø og Ida Mogstad. Bak: Signe Larsen, Ole Sæterbø, Snorre Larsen og Vegard Brøske.
Alle foto: Norunn Holten.
Til venstre over: Snorre Larsen har vore plaga med sjukdom, og følte ikkje akkurat at toppforma var inne. Han vart derfor overraska over å
gå heilt til topps i sin klasse.
Til høgre: Kristoffer Berset var i storslag og vart vinnar i 13-årsklassen.
Gutar 12 år på oppløpet. Sindre Hyldbakk Kvande midt i bildet. Han vart på ein flott 3.plass til slutt.
Tore Andreas Sollid i fint driv inn mot mål.
Guro Beate Sæterbø frå Surnadal i.l. i sluttspurten.