monica moen kvendset, håkon fredriksen, elin moen lysø 2000

Knallåpning for REKO-ringen

Torsdag 26. september er det klart for aller første utlevering av lokale matvarer i REKO-ringen Surnadal og Rindal. – Salet har vore endå betre enn vi trudde, og det er sjølvsagt utruleg gledeleg, seier Håkon Fredriksen i Den Gode Maten.

REKO-ringar vert stadig meir populære rundt omkring i Noreg, og no er altså fenomenet komme til Surnadal og Rindal. REKO står for rettferdig konsum, og ein REKO-ring er rett og slett ein enkel distribusjonsmodell for matvarer.

Den fungerer som ei kontaktplattform mellom produsentar og forbrukarar i nærområdet, utan mellomledd eller administrasjonsgebyr.

Den Gode Maten tok, saman med Surnadal kommune og Rindal og Surnadal småbrukarlag, initiativ til å få etablert ein REKO-ring for Surnadal og Rindal - grunna stor interesse frå både lokale matprodusentar og potensielle kundar.

– Vi hadde oppstartsmøte i vår, og etter dette vart det etablert ei arbeidsgruppe, som har jobba for å få på plass REKO-ringen. Målet vårt er å få til eit godt og variert tilbod, slik at forbrukarane kan møte opp ein bestemt plass og hente ut eit breitt spekter av lokale varer, seier Håkon Fredriksen i Den Gode Maten.

I tillegg til Fredriksen, har arbeidsgruppa bestått av Karin Åsbø frå Slettneset Steinovnsbakeri, Elin Moen Lysø frå Surnadal kommune, Monica Moen Kvendset og Stine Grytskog.

– Salet så langt har vore utruleg bra. Det er rett og slett kjempeartig at så mange har bestilt varer, smilar Elin Moen Lysø.
 

Bindande bestillingar og først til mølla

I REKO-ringen for Surnadal og Rindal er denne bestemte plassen parkeringsplassen utanfor kommunehuset i Surnadal, der det vert utlevering kvar tredje torsdag, og i første omgang fram til jul. Det betyr at det blir utlevering 26. september, 17. oktober, 7. november, 28. november og 19. desember.

– Vi har i første omgang sett opp utleveringsdatoar fram til jul, for å sjå an responsen. Så langt er den kjempegod, og det er vi veldig glade for. Det er likevel viktig å sjå korleis det utviklar seg over tid, seier Fredriksen.

Sjølve bestillinga av varer skjer i Facebook-gruppa REKO-RINGEN i Surnadal og Rindal. Der legg produsentane ut oversikt over kva har til sals, og kva prisen er. Kundane som ønskjer å bestille varer, kommenterer produsenten sitt innlegg med bestillinga si.

– Bestillingane er sjølvsagt bindande, og først til mølla-prinsippet gjeld. Dersom seljarane går tomme for produkt, oppdaterer dei annonsane sine, seier Fredriksen, som fortel at produsentar kan legge ut annonser seinast ei veke før utleveringsdatoen.
 

Attraktivt for produsentane – populært blant kundane

Til den første REKO-ring-utleveringa er det åtte produsentar som har lagt ut annonse om produkt dei har til sals: Bians Honning, DalPro Gårdsmat, Vorpå Røkeri, Bele Jostua, Todalen Meieri, Haugan Gård, Oppistua Øye og Endre Roaldset.

Det betyr at kundane har kunna bestille eit breitt og variert sortiment av varer, som honning, kjøtt av hjort, sau og urfe, laks, ørret, potet, grønnsaker, blomster og yoghurt.

Og interessa og bestillingane let altså ikkje vente på seg.

– Då vi først gjekk ut med dette var det rundt 400 medlemmar i Facebook-gruppa vår for kundar og levarandørar. No er vi over 1100. Det er veldig positivt at det er så god respons med ein gong, det gjer at det blir endå meir attraktivt for lokalmatprodusentar å levere produkta sine via REKO-ringen, seier Fredriksen.

Han fortel at det framleis er plass til fleire leverandørar. Kravet til matprodusentane er at dei sjølv står ansvarlege for å vere godkjente av mattilsynet. Dersom dette er i orden, og ein har lyst til å levere varer, melder ein seg inn i to Facebook-grupper – fellesgruppa for leverandørar og kundar, og ei som kun er for leverandørar.

– Det er fleire som har signalisert at dei ønskjer å vere med, men som ikkje er klare til første utlevering på torsdag. I REKO-ringen er det slik at det er fritt for matprodusentane kva utleveringar dei vil tilby varer til, det er inga salsplikt, seier Fredriksen, og legg til:

– Dette er eit lågterskeltilbod for leverandørar, og ein fin inngangsport for folk som har lyst til å selje noko. Distribusjon er ofte ei utfordring for lokalmatprodusentar, og vi trur og håpar at REKO-ring-konseptet kan vere til hjelp på det punktet. Vi er likevel ydmuke når det gjelder at det kan vere nokre "barnesjukdomar" i starten, som gjer at ting kanskje ikkje flyt fullt så godt som vi håpar. Men vi håpar både kundar og produsentar er overberande med oss i oppstartsfasen.

Godt utval og mange kundar kan bidra til å gjere REKO-ringen attraktivt for begge partar, trur Fredriksen, som håpar surnadalingane og rindalingane ser verdien av å handle lokale matvarer.

– Vil ein støtte opp lokalt, og handle direkte frå lokale leverandørar, er REKO-ringen eit godt alternativ, seier han.

elin moen lysø viser monica moen kvendset og håkon fredriksen hvor produsentene skal stå.JPG
Elin Moen Lysø (t.v.), Monica Moen Kvendset og Håkon Fredriksen frå arbeidsgruppa viser fotografen kvar lokalmatprodusentane skal stå under utleveringa på torsdag.