IMG_9805

Vårsøghelga 2019:

Knallåpning for Vårsøghelga

Vårsøghelga 2019 er no offisielt åpna, og både under jubileumsopptoget og sjølve åpninga var det godt med folk på Skei. Når då kveldskonserten med Elg og band i Surnadal billag fredag kveld er utseld, må første dag av den 25. utgåva av Vårsøghelga difor kunne seiast å vere ein suksess.

For å feire åpninga av den 25. Vårsøghelga, vart det fredag gått jubileumsopptog Skei rundt, med sjølvaste Brazz Brothers i spissen. 

Surnadal Hornmusikk, Surnadal skulekorps, KIN Dansekompaniet og Atleta var og blant bidragsytarane i toget, som vaks seg imponerande langt på runden frå kulturhuset til sjukeheimen og tilbake om Bårdshaugen og forbi Surnadal Sparebank.

"Fane"-bærarane var Gerd Ingrid Kvendset og Tor Rune Halset, som er henhaldsvis dagleg leiar og styreleiar i Laget Vårsøg.

Stemninga i toget var god, med både musikk og dans, og aktiviteten heldt fram ei god stund etter at toget avslutta ferda si på kulturhusplassen. 

Også dei mange frammøtte tilskodarane utanfor kulturhusplassen visste å sette pris på opptoget, og klappa taktfast til tonane frå Brazz Brothers og dei lokale bidragsytarane.

Etter opptoget heldt Vårsøghelga fram inne i kulturhusfoajeen, der det og vart servert kake og kaffi. I tillegg delte Surnadal Sparebank ut is til alle som ville ha.

Tor Rune Halset stod for den formelle åpninga då han ønska velkommen, før Svein Sæter varta opp med eit kåseri av sedvanleg, høg klasse.

Høg klasse var i grunn gjennomgåande for åpningsdagen av Vårsøghelga, og det gjaldt i høgste grad og då pianist Hedda Hansen Berg spelte klaverstykket "Glimpse-vanished" av Øyvind Mæland, vinnar av dei unges Lindemanpris.

Åpningsarrangementet var eit samarbeid mellom Vårsøghelga og Surnadal kunstforening, og festivalkunstnar Jeremy Welsh var på plass då utstillinga hans vart åpna i Finstuå.

Tidlegare på dagen tjuvstarta helga med Henningtimen og barneteaterforestillinga "Askeladden som kappåt med trollet", medan Drivadebatten med temaet Ung på Nordmøre var siste arrangement før jubileumsopptoget. Der møtte om lag 50 tilhøyrarar opp for å få med seg paneldebatten.

Fredagens siste arrangement er konsert med Øyvind "Elg" Elgenæs, med lokal oppbacking i toppklassen, på Surnadal billag. Den konserten er utseld.

gerd ingrid kvendset og tor rune halset.jpg
Dagleg leiar Gerd Ingrid Kvendset og styreleiar Tor Rune Halset i Laget Vårsøg kan vere fornøgde med ein flott første dag av årets Vårsøghelg.

jeremy welsh[1].jpg
Utstillinga til festivalkunstnar Jeremy Welsh (t.h.) åpna i Finstuå fredag. Her saman med Jon Arne Mogstad.

IMG_9725
IMG_9759
IMG_9780
IMG_9790
IMG_9795
IMG_9812
IMG_9841
IMG_9848
IMG_9882
IMG_9883
Svein Sæter
jubileumsopptog start
tor rune halset
Tor Rune Halset