kristen mogstad

Knallsesong i Surna

Ei veke før årets sesong er over i Surna, er det fiska nesten dobbelt så mykje laks som i heile fjorårssesongen. Per søndag 22.august var det rapportert inn totalt 5,93 tonn laksefangst, slik at 2010-sesongen blir den beste på svært mange år. Laksen på 12,5 kilo som surnadalingen Kristen Mogstad tok i sone Mogstad/Honnstad den 12.august, er blant dei ti største fangstane i år.

Fangsstatistikken frå surna.no viser at det i forrige veke vart teke 59 laksar med ei samla vekt på 266 kilo i Surna. Dermed er årets fangst komen opp i 1136 laksar og 5933 kilo, men rapport frå to soner manglar på den siste vekestatistikken, og totalfangsten for årets sesong så langt kan dermed allereie ha passert seks tonn.

2010 blir dermed eit svært godt år for Surna, og vektmengda nærmar seg det dobbelte av fjoråret, da det vart landa 3,12 tonn laks. Totalmengdene frå 2008 (3,73 tonn), 2007 (2,58 tonn), 2006 (4,67 tonn) og 2005 (5,17 tonn) er også for lengst passert.

I år er det dessutan gjenutsett nærare 1,1 tonn laks.

"Ti på topp"-lista over storfangstane denne sesongen ser slik ut:

1. Geir Tollhaug - 18,2 kg, sone Røv/Ytre Moen

2. Finn Ove Kaldvansvik - 16,6 kg, Røv/Ytre Moen

3. Glenn Olsen - 16,5 kg, Honnstad/Mogstad

4. Helge Dalen - 14,5 kg, Sogge/Krangnes

5. Kristen Heggem - 14,4 kg, Honnstad/Mogstad

6. Reidar Skogly - 13,6 kg, Honnstad/Mogstad

7. Per Petterson - 13,0 kg, Tellesbø/Ranes

8. Kristen Mogstad - 12,5 kg, Honnstad/Mogstad

8. Magne Hvattum - 12,5 kg, Honnstad/Mogstad

10. L. Lindstrøm - 12,0 kg, Ytre Moen/Røv.