politi[1]_350x234

Køyrde utfor med semitrailer

Ein semitrailer lasta med metall køyrde i 10-tida måndag føremiddag utfor vegen i nedkøyringa frå Nordmarka til Bæverfjord. Traileren sklei utfor vegen på det glatte føret, og vegen vart delvis stengt i samband med omlasting og bilberging. Bilberginga vil ikkje vere utført før langt utpå ettermiddagen, melder politiet. Føraren av bilen kom uskadd fra uhellet, vart det konstatert etter konsultasjon med lege.