![politi[1]_350x234](https://img7.custompublish.com/getfile.php/1293611.1537.avstbawpec/690x0/4902739_1293611.jpg)
Kollisjon på Årnes
Rundt klokka 2000 søndag kveld var to personbilar involvert i ei møteulykke på fylkesveg 328 på Årnes i Surnadal. Ifølgje politiet er det ikkje mistanke om promille. Føraren av den eine bilen var litt øm i brystmuskulaturen etter kontakt med bilbeltet da kollisjonen skjedde. I alt fire personar vart undersøkt av ambulansepersonell på staden, og alle kom uskadd frå kollisjonen.

.png)

