Gode nyheter for Todalssamfunnet
Kolonnekjøring fra 6. september!
Statens vegvesen opnar eitt køyrefelt på fv. 671 til Todalen fredag 6. september klokka 1500. Vegen vil fortsatt vere stengt i periodar og får lysregulering når vegen er open. Siste ferjeavgang frå Todalen er fredag 6. september klokka 1345. Informasjon om opningstider på vegen og framdrift på rassikring finn du nedafor.
Siste ferjeavgang frå Todalen er fredag 6. september klokka 1345.
- Arbeidet har gått bra dei siste dagane og vi er glade for at vi kan opne for ferdsel litt før vi rekna med, seier sjefsingeniør Ivar Hol i Statens vegvesen.
Vegen vil fortsatt vere stengt i periodar. Grunnen er at anleggsvegen i fjellsida, som måtte byggast for å rydde rasfarleg stein, no skal fjernast. Dette er ikkje mogleg å gjere medan det er trafikk på vegen.
Vegen er open alle kvardagar frå 2000 til 0800. I tillegg er han open:
Måndag: 1100-1130 og 1500-1700
Tysdag: 1100-1130 og 1500-1700
Onsdag: 1100-1130 og 1400-1700
Torsdag: 1100-1130 og 1500-1700
Fredag: 1100-1130 og 1400-1700
Vegen er open for ferdsel på helg - frå fredag klokka 2000 til måndag klokka 0800.
Tidspunkta for opning er bestemt i samarbeid med Surnadal kommune.
Det er eitt køyrefelt som no vert opna. Vegen får lysregulering og fartsgrense 30 km/t for å sikre trygg ferdsel. Når fjellsida er rydda, kan rassikringa av vegen med fanggjerde starte. Vegen kan opnast for fri ferdsel i full bredde når rassikringsarbeidet er ferdig. Det vil truleg vere i siste halvdel av november.
Kontaktperson i Statens vegvesen:
Sjefsingeniør Ivar Hol, tlf 916 35 193