Kommentar til dialektspalta fra Joralf Halgunset

Takk for sist!
 
Kan eg få kome med nokre kommentarar til dialektspalta att. De e kjøle gøttj å læssa det som kjem der, og eg får lyst til å vera med!
 

Først til eit par reaksjonar på det innlegget eg hadde i byrjinga av månaden: Løysinga på gåta skulle vera bøttknappen, ja. Og det Edgar Kattem skriv om bøttknappen er nok rett så vidt eg veit. At oppbrukar er ei forvrenging av opprykar, høyrest svært så rimeleg ut. Men eg trur at versjonen min vart bruka i mitt nærområde i Lomundala, i alle fall høyrdest det slik ut!
 
Edgar Kattem kjem med fleire ord knytta til arbeidsliv, som for eksempel skogsarbeid. Både bjønn og brått og pjaks og skat er ord som høyrer heime i det miljøet. I lista som eg presenterte hadde eg med nokre ord frå gamaldags slåttonn g skuronn. I dag er det vel ikkje mange rindalingar heller som veit korleis ei høytong såg ut og korleis ho vart bruka?
 
Regla hennar Solveig Grytbakk kjenner eg godt til, og eg hadde faktisk tenkt å sende ho inn. Eg har lært ein litt annan variant til slutt, men den SG kjem med er vel så god, og så har eg lært at ein batt ein vott i staden for bøtt ein vott!
 
At bær er jor har eg derimot aldri høyrt. I mitt oppvekstmiljø sa folk at ”bera va bua” når ho var moden.
 
Til slutt bør eg vel kome med eit par bidrag. Eg er ikkje sikker, men eg trur ikkje dei har vori nemnt før:
Glaskist: Vinduskarm
Dørkist: Dørkarm
Skåpfot: Lite rom nederst på eit (krå)skap
Skåpkast: Eit rom i eit kråskap som er ope, utan dør

Dei to siste orda er kanskje ikkje typiske dialektord, men dersom eg seier glaskist til ein her eg bur så blir vedkomande berre ståande og gape. Det vart ho butikkdama som eg spurde kvar dei hadde perra liggande. At det var kjøttboller til såddsuppe hadde ho ikkje peiling på.
 
Ha ein god dag!
 
Joralf Halgunset