
Kommunalt driftsresultat på 16,6 mill.
Netto driftsresultat for Surnadal kommune i 2010 vart 16,6 mill. kr. Dette gir eit driftsresultat på 4,17 prosent, noko som er godt over KS sitt måltal på 3 prosent netto drift. - Det er framleis meirforbruk i mange einingar, men vi bergar det samla resultatet ved hjelp av betre resultat på finans enn budsjettert, skriv økonomisjef Tronnd Håskjold på kommunen si heimeside. Rekneskapen er ikkje ferdig revidert.

.png)

