Surnadal kommunevåpen

Annonse:

Kommunehuset er stengt for besøkande

Surnadal kommune melder at kommunehuset er stengt for besøkande frå og med mandag 16. mars. Saka er oppdatert med ny melding frå heimetenesta.

I tråd med førebyggande smitteverntiltak blir Surnadal kommunehus stengt for besøkande frå og med i dag, 16. mars og inntil vidare. Vi oppfordrar til å ta kontakt med oss via e-post og telefon.  

Heimetenesta, ved einingsleiar Annett Ranes, har på kommunen sine heimesider annonsert følgjande:

"Heimetenesta og koronaberedskap: Melding om stenging og beredskap ved besøk

Frå og med måndag 16. mars vil både Dagsenter for eldre (v sjukeheimen) og Dagsenter for demente, Inn på Tunet, både med Solveig Haglund og Helga Bele vere stengt til ein får ny beskjed. Dette vil minst vare i 14 dagar.

Vidare oppfordrar vi til at ein kun tek heilt nødvendige besøk hos bebuarar på Omsorgsboligen.

Vi ønskjer også at alle pasientar og/eller pårørande sørgjer for at det er flytande såpe og papirhåndkle til dei tilsette på Heimetenesta når dei kjem på besøk.

Vi ønskjer å gjere vårt til å hindre smittespreiing og opplyser om at vask av hendene er betre enn spriting ved for eksempel bruk av AntiBac.  

Alle desse tiltaka er for å beskytte våre eldre mest mogleg mot å bli smitta av korona-viruset."