Alti Surnadal 2020 oversiktsbilde

Kommunen sa nei til Uno-X

I mai kunne Alti Surnadal avsløre at drivstoffkjeden Uno-X ville etablere seg ved butikksenteret i Surnadal. Det ville ikkje fleirtalet i hovudutval for miljø, areal og teknikk i kommunen, som med bakgrunn i trafikktryggleika ikkje godtok søknaden. 

8. mai i år uttalte eigedomssjef Bergsvein Brøske i Alti Surnadal følgjande til Trollheimsporten:

- Ja, det stemmer at vi har signert kontrakt med Uno-X. Surnadal kommune behandlar i desse dagar søknaden frå Uno-X om dispensasjon frå reguleringsplana. Vi har god tru på at søknaden blir innvilga.  

Situasjonsplana til Hille Melbye arkitektar AS viser at stasjonen skulle plasserast på parkeringsplassen til Alti Surnadal, nærare bestemt til høgre etter avkjørselen til senteret. Stasjonen ville ha èi pumpe, med moglegheit for fylling frå begge sider.

Brøske sa vidare:

- Uno-X er ivrige etter å kome i gong, så det vil nok ikkje ta lang tid frå søknaden blir godkjent til stasjonen er på plass. Vi i Alti Surnadal trur dette blir eit flott tilskot til senteret vårt. Uno-X har som mål å vere billegast på drivstoff, og det trur vi vil bidra til at endå fleire kundar vel å ta turen innom oss.

24. juni vart saka teke opp i hovudutval for miljø, areal og teknikk i Surnadal kommune. Utvalet består av Ragnar Halle (SP), Janne Husby Haugen (SP), Erik L Moen (MDG), Gunnhild Johanne V. Bøe (SP), Annett Ranes (AP), Odd Asbjørn Bævre (AP) og Ole Joar Karlstad Bruset (H).

Seks av sju sa nei
Kommunedirektørens innstilling:
I medhald av plan- og bygningslova § 19-1 blir det gjeve dispensasjon frå reguleringsplan for Skei/Grimsmo planid 19890002-012 til etablering av drivstoffanlegg.

Vilkår:

- Drivstoffanlegget blir plassert minimum 12 meter lenger aust enn i innsendt søknad.

- Det må innhentast tillatelse frå Møre og Romsdal fylkeskommune til utvida bruk av avkjørsel samt avklare forholdet til byggegrensa mot fylkesveg 6152.

Forslag:
Annett Ranes, Erik Moen, Gunnhild Vetleseter Bøe, Ole Joar Bruset, Odd Asbjørn Bævre og Janne Husby Haugen sette fram følgjande forslag:

Det gis ikkje dispensasjon i reguleringsplanen til etablering av drivstoffanlegg. Det vurderast at dette ikkje er forenelig med trafikkbildet i området og hensyn til dei mjuke trafikantane.

Nytt forslag vedteke med 6 mot 1 stemme. Ragnar Halle stemte mot.

Overraska
Eigendomssjef Bergsvein Brøske i Alti Surnadal innrømmer at han vart overraska over avslaget. 

- Vi vart overraska, men vi tar sjølvsagt vedtaket til etterretning.  Etter sommaren vil vi ta fatt i saka igjen. Vi ønsker å kome med ei nærare forklaring til Surnadal kommune på korleis trafikktryggleiken blir teke vare på. Det er ikkje avgjort om søkaren vel å klage på vedtaket, eller om der blir søkt på nytt, seier han. 

Brøske har framleis eit godt håp om at Uno-X skal få etablere seg ved Alti Surnadal.

- Planane er så definitivt ikkje lagt på is. Det er fortsatt svært aktuelt for senteret å få etablert ein drivstoffstasjon som tilbyr både diesel, bensin og elbil-lading til kundane våre, seier Brøske.